Meiningar: – Stord kommune har som satsing å skapa ein inkluderande barnehage, skule og SFO. For å få dette til må ein satsa, ikkje leggja ned barnehagar, skriv Mona Vaage, Naustvågen barnehage, og Hildegunn Grundvold, Valvatna FUS barnehage, i dette lesarinnlegget. På biletet er Furuly barnehage. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Til politikarane i Stord

Det er med stor uro me les i avisa om kva tankar utval for oppvekst og utdanning har kring barnehagepolitikk i Stord.

Dette kan ikkje vera til «barns beste».

At ein må spara for å få redusera utgifter er noko alle forstår, men at det skal gå utover dei som er små, sårbare, dei som treng tryggleik og stabilitet er ikkje greitt. Å velja mellom Nysæter og Furuly er eit svært vanskeleg val, spesielt ettersom ingen av desse barnehagane har ledige plassar pr. i dag.

Dei vala de politikarar skal ta i februar 2020 vil få store konsekvensar for barnehagepolitikken i fleire år framover i Stord.

Ved nedlegging av ein av desse barnehagane har ein ikkje eit langsiktig perspektiv.

Kva med signala om auka behov for barnehageplassar dei neste åra.

Stord kommune har 4 kommunale og 13 private barnehagar.

Vår oppfatning er at alle barnehagane i Stord er kvalitative gode barnehagar, noko brukarundersøkingane har vist fleire gonger.

Alle nedskjeringar i kommunale barnehagar no i 2020 får konsekvensar for mange barn/barnehagar om nokre år. Alle foreldre ynskjer gode, trygge barnehagar med høve for utvikling. For dei som ikkje kjenner til korleis Stord kommune gjev tilskot til private barnehagar så fungerer det slik:

Private barnehagar får tilskot basert på 2 år gammal rekneskap. Det vil sei: det som vart brukt på kommunale barnehagar i 2018, får private barnehagar tilskot på i 2020. Alle barnehagar i Stord vil på sikt verta råka av ei nedlegging.

Artikkelen held fram under annonsen.

For å forstå kvifor det i dag er mange private barnehagar på Stord må ein gå tilbake i tid, då stat og kommune hadde ei satsing som dei kalla «full barnehagedekning». For å få full barnehagedekning sa Stord kommune ja til privat utbygging, noko foreldre og born skal vera glade for. Me minner om at det er 13 private og 4 kommunale barnehagar i kommunen pr. i dag. Hadde ikkje private aktørar teke ansvar for utbygging, så hadde det truleg ikkje vore nok barnehageplassar til alle som ynskjer plass.

Me ser stor verdi av eit mangfald på barnehagesektoren, på den måten kan foreldra få høve til å velja kva barnehage dei vil ha barnet/borna sine i.

Me stiller oss undrande til at Stord kommune framleis har diskusjonar kring fordeling av midlar. Me har begge to arbeida som styrarar i private barnehagar sidan slutten av 90-talet. Me har vore med på barnehageutbygginga og følgt utviklinga i desse 25 åra. Det har heile tida vore diskutert tilskot og fordeling av midlar til kommunale og private barnehagar. Går me tilbake til 25.03.2008 var me i avisa fordi kommunen måtte tilbakebetala midlar til staten av di dei ikkje hadde brukt pengane på barnehagesektoren. Me har gong på gong stått fram og gjort innbyggjarane oppmerksame på at midlar som skal komma barna til gode ikkje vert nytta fordi kommunen må spara eller omprioritera. Me har fleire døme på dette, og vil anbefala folk om å søka i arkivet til avisa «Sunnhordland». Politikarane i Stord kommune har ein lang historie som vitnar om manglande prioritering av midlar til born og unge. Det er administrasjonen i Stord kommune som skal gje faglege råd til politikarane. Er politikarane usikre, så ta gjerne kontakt med oss som kjenner barnehagekvardagen.

Me vil atter ein gong stilla spørsmål om:

Kva hender dersom opptaket våren 2020 viser behov for nye/fleire barnehageplassar. Kan då kommunen starta opp mellombels barnehagedrift? Kan mellombelse lokale/drift haldast utanfor rekneskapen?

Det vil evt. føra til at kommunen slepp å betala tilskot til private barnehagar for desse utgiftene om 2 år. Dersom dette skjer, så lurer me på om kommunen bevisst skapar frykt og utryggleik hos tilsette, foreldre og born i kommunale barnehagar med eitt mål for auga: Å få ned utgiftene, og såleis betala minst mogeleg tilskot til private barnehagar.

Me kjenner på uforutsigbarheiten kring Stord kommune sin prioritering av midlar til born og unge. Slik uforutsigbarheit gjer det vanskeleg å byggja ei langsiktig og stabil drift.

Stord kommune har som satsing å skapa ein inkluderande barnehage, skule og SFO. For å få dette til må ein satsa, ikkje leggja ned barnehagar. Politikarane må slutta å skapa uro, frustrasjon og sorg.

Mona Vaage, Naustvågen barnehage

Hildegunn Grundvold, Valvatna FUS barnehage