HASTAR: – Senterpartiet meiner det er viktig at folk, politikarar og næringsliv er kjent med at framtida til tingrettane vil bli avgjort på Stortinget innan utgangen av november, skriv Nils T Bjørke, Stortingsrepresentant for Sp, i lesarbrevet. Foto: Privat

Tingrettane i Hardanger og Sunnhordland kan bli lagt ned som sjølvstendige domstolar før jul

Regjeringa har valt å oppretthalda sitt forslag om å leggja ned om lag to tredjedeler av dagens tingrettar, også tingrettane i Hardanger og Sunnhordland. Dette til trass for motstand og åtvaringar frå kommunar, advokatar, ei rekkje tilsette i tingrettane og jordskifterettane, politijuristane, LO, kriminalomsorga, næringslivet og regionråd. Dette blir gjort ved å utvida dagens rettskrinsar og gjera dagens sjølvstendige domstolar om til avdelingskontor – eller det departementet kallar «rettssteder».

Senterpartiet sin saksordførar i justiskomiteen, Jenny Klinge, hadde føreslege høyring i Stortinget før jul med handsaming av saka i februar. Høgre, FrP og Venstre, som utgjer mindretalet i justiskomiteen, klaga tidsplanen inn for Presidentskapet som gav dei medhald i at stortingshøyring skal haldast allereie 4. november og at saka skal avgjerast innan utgangen av november. Dette ligg altså an til å bli FrPs og regjeringa si julegåve til Sunnhordland og Hardanger. Senterpartiet vil klaga på denne uforsvarlege hurtighandsaminga av ei sak som vedgår så mange over heile landet.

For tingrettane i Lofthus og Leirvik betyr forslaget at desse blir lagt ned som sjølvstendige domstolar. Medan det i det opphavelege høyringsbrevet frå regjeringa var lagt opp til at det skulle vera ei minimumsbemanning på ein embetsdommar ved kvar rettsstad, har departementet nå gått bort frå dette, noko som i praksis inneber at tingrettane i vårt fylke kan bli tømde for tilsette som anten må flytta arbeidsstad til Bergen eller Haugesund, eller eventuelt blir tvungne til å finna ein annan jobb.

Dersom dette forslaget blir vedteke skal det vera opp til domstolsleiar i den nye domstolen å avgjera om det skal vera tilgjengeleg administrativt tilsette og dommarar ved avdelingskontora i Hardanger og på Stord, og kva tid slikt personell skal være tilgjengeleg. Sakene vil altså bli sende til Bergen (for Hardanger) eller til Haugesund (for Sunnhordland). Dermed er det opp til domstolsleiar der å fordela sakene, altså om ei sak skal handsamast innanfor dagens rettskrinsar. Dette er ein blåkopi av nærpolitireforma der det blei lova styrking av lokalt politi, men fem år seinare er det ingen som har sett denne styrkinga.

Det er framleis Domstoladministrasjonen som skal avgjera om avdelingskontora skal oppretthaldast og det går også fram at «Om og i hvilket tempo endringer i rettsstedene bør skje, vil blant annet bero på leieavtaler, bygningsstandard, ansettelsesforhold og sakstilfang.» Erfaringar med regjeringa og FrP sine utallige reformar dei siste åra gjer det vanskeleg å sjå at tingrettar som blir gjort om til rettsstad, som Lofthus og Leirvik, på sikt vil bli oppretthaldne.

Det er umogleg å sjå koreleis innbyggjarar, næringsliv, politiet og kommunane i Sunnhordland i framtida med dette forslaget vil bli sikra domstoltenester som i dag. Forslaget bidrar heller ikkje til å sikra juridiske kompetansearbeidsplassar i Hardanger og på Stord, fordi ein ikkje lenger går inn for ei minimumsbemanning ved kvar rettstad. Me risikerer at det juridiske miljøet på sikt blir redusert. Erfaringsmessig vil advokatfirma, politiet og andre brukarar av domstolane flytta sine tilsette der det er ein tingrett.

Senterpartiet meiner det er viktig at folk, politikarar og næringsliv er kjent med at framtida til tingrettane vil bli avgjort på Stortinget innan utgangen av november. Årsaka til at dette nå er framskunda er truleg at FrP har endra standpunkt og ikkje lenger vil halda avtalen dei gjorde med Sp, Ap og SV i mai i år.

Regjeringa og FrP har som vanleg når dei gjennomfører reformar, inga aning om dei økonomiske og faglege konsekvensane denne reforma vil få. Endringar i domstolane er eit grunnleggande samfunnsspørsmål som påverkar både dei tilsette i tingretten, men også ei rekkje aktørar som politiet, kriminalomsorga, kommunane, næringsliv og folk over heile landet.

Nils T Bjørke, Stortingsrepresentant Sp