Jonas Børtveit (23) tok over drifta av Spar Ådland for to år sidan. Nyleg pussa han opp butikklokala på Ådland. Foto: Preben Ørpetveit Solberg

Tips oss om unge i næringslivet

– Det er spesielt at det er så mange spanande unge som driv eiga verksemd her! Orda kom spontant frå ein av vikarane me hadde i redaksjonen i sommar. Det er eit utsegn ein kan kjenna seg stolt over.

For det er mange unge i vårt lokalmiljø som står fram på ein uvanleg måte. Nokon av dei har skapt sin eigen og andre sin arbeidsplass ut frå sin eigen idé. Nokre med stor suksess. Andre møter ein del humpar på vegen og gjer seg viktige erfaringar. Nokre tek over store selskap eller sit i sentrale posisjonar i organisasjonar med mange tilsette. Nokre har uvanlege evner til å inspirera, og til å få folk til å jobba i lag.

I måndagsavisa snakka me med Jonas Børtveit (23) som tok over drifta på Spar Ådland for to år sidan. Utan leiar- og økonomierfaring fortel han om ei bratt læringskurve. Å lesa historier om jobb og næring er inspirerande, og det gir gjerne smitteeffekt. Ein ser at det er mogeleg å få ting til.

For Sunnhordland som region er det fantastisk om ein klarer å etablera eit miljø med unge som går i front og tar ansvar. Kjenner du nokon som me burde skriva om? Tips oss då vel!