Illustrasjonsfoto: Colourbox

Topris på straum og flaskehals mot kablane

Energipris og tilgang på energi er blitt ei skikkeleg hovudpine for regjeringa. Kanskje ser vi konturane av at fri marknad på basisvarer ikkje er løysinga?

Kva om vi gjekk over til eitt felles nett i heile Norge, med lik pris og at ein sikra overføringslinjer som ikkje låste krafta inne i eitt område og sette skyhøge prisar i eit anna? Det er ingen tvil om at Statnett har sove i timen.

I tillegg bør ein få greidd ut om ein innanfor ei slik ordning, utan interne flaskehalsar innanlands, kan laga ein fiktiv «flaskehals» for den straumen ein eksporterer ut av landet gjennom kablane. KrF meiner det er rett at vi sikrar oss med kablar og at vi kan eksportere overskotskraft, men også for å kunna importera straum i tørr-år. Men måten det skjer på no, med Nord Pool AS som ein børs som ikkje tek omsyn til prisar innanlands og eigne innbyggjarar, kan ikkje halda fram.

Vi har no fått ei innretning på betaling av nettet som skal motivera oss til å bruke mest når straumen er billegast. Kva er i vegen for at ein også kan få på plass att eit to-pris-system der det er rekna ut eit normalforbruk som ein får til ein rimeleg fastpris, og så høgre pris, evt marknadspris for «overforbruket»?

Vestland KrF vedtok følgjande på årsmøtet vårt: «Me vil greia ut totrinnsmodellen i bruk av straum. Dvs. at kvar husstand har ein viss kvote med kWh som kan brukast til ein makspris, t.d. 35 øre kWh. Forbruk som overstig gitt kvote blir kjøpt frå ein felles spotmarknad til marknadspris. Ved å innføra ei slik ordning vil me få ei bevisst haldning til straumforbruket, gje gode insentiv til straumsparing, omfordela til familiar med svak økonomi og gje den enkelte forbrukar ein meir stabil økonomisk kvardag.»

Trude Brosvik, gruppeleiar fylkestinget, KrF

Artikkelen held fram under annonsen.

Bård Inge Sørfonn, lokallagsleiar Fitjar KrF