Per Jan Ingebrigtsen. Foto: Marius Knutsen

Trælehald og rasisme

I anti-rasismen sitt namn, vert skulpturar velta og gamle heltar rivne ned frå soklane sine. Det siste er striden om ein benk i ein botanisk hage i Oslo, der botanikaren benken står til ære for, såg verda gjennom biologiske briller som høyrde samtida hans til.

Det har også vore fremja krav om at den norsk/danske forfattaren og vitskapsmannen, Ludvig Holberg (1684–1754), skal ta til vit og stiga raudnande ned frå sokkelen. Men eg vonar at denne store dramatikaren, som har skrive alltid like aktuelle «Jeppe på Berget» og «Erasmus Montanus», snur det døve øyret til!

Visst investerte han i skip som også frakta trælar – og på nokre område hadde han eit menneskesyn som høvde betre til i det attende hundreåret enn det gjer i dag, men så var det også i det hundreåret han levde, skreiv og gjorde sine investeringar.

Det er både kunnskapslaust og historielaust å sjå det i eit anna perspektiv.

Når ein talar om trælhandel (slavehandel) er det lett, men ikkje rett, å avgrensa det til den amerikanske trælhandelen, difor

LITT TRÆLHISTORIE:

Mellom 1619 og 1865 vart om lag ein halv million afrikanarar frakta over havet og selde som trælar i det som etter kvart vart USA. Desse vaks til om lag fire millionar trælar i 1865, då slaveriet vart avskaffa. Dette skuldast mest ein folkeauke blant dei svarte – som einskilde plantasjeeigarar, særleg i sør-statane, såg på som rein avl. Born ned i seks-sju års alderen vart tekne frå foreldra og selde til framande.

Dette kjenner folk flest til.

Færre veit at også urfolket i Amerika har halde trælar, og det lenge før den kvite mann sette fotavtrykket sitt i sandstrendene på det same kontinentet.

Det var då helst folk frå andre stammer som vart tekne til fange under røvartokter. Framover attenhundretalet kjøpte Cherokeene også svarte trælar på den «kvite» trælemarknaden i sør.

Også Mayaene, med sin høge sivilisasjon som inkluderte eit eige skriftspråk, held trælar. I tillegg drap dei born like ned i to års alderen gjennom grusame offerritual.

Artikkelen held fram under annonsen.

Arabarane står for ein lang og brutal trælhistorie. I tidsrommet frå om lag år 1500 e. Kr. til om lag 1830, vart, i følgje programmet «Hvide slaver» på dansk riks-TV, meir enn ein million kvite etniske europearar selde på arabiske trælemarknadar. I tillegg vart eit utal afrikanarar selde\ kjøpte på dei same marknadane. Det fanst også etniske arabiske trælar, men dei vart i regelen handsama på ein mildare måte, og gjerne sett på som pliktarbeidande familiemedlemar, sidan dei i regelen var muslimar.

Så tidleg som i den gryande vikingtida, kring 850 e. Kr. - då norrøne Olav Kvite var konge over Irland, veit me at arabiske træl-oppkjøparar var aktive på den irske trælmarknaden, der dei kjøpte etniske europeiske trælar, ofte irar, samtidig som dei selde det norrøne vikingar kalla for blåmenn, det vil seia, afrikanarar frå områda sør for Sahara.

På denne tida var trælhald ein sjølvsagt del av arbeidskrafta kringom i verda, også i Noreg.

På Island var trælhald så vanleg, at det har ført til genetiske utslag. Så mange irske trælar vart byta inn mot kvalrosskinn og kvalrossolje, at det syner att på DNA-et til islendingane.

Reint trælhald er i dag avskaffa i alle land i verda, men det er berre i namnet. I praksis er slik verksemd avdekka både i nokre afrikanske land, i arabiske statar og i fleire land i Sør-Aust Asia.

I land som India og Pakistan har me døme på at arbeidarar, ofte born ned i sju-åtte-års alderen, vert sperra inne i sterkt forureina fabrikklokale tjuefire timar i døgeret. I praksis er dei trælar som jobbar under verre kår enn trælar flest gjorde i USA.

Amnesty har nyss forlate India, grunna umoglege arbeidstilhøve for medarbeidarane deira. Kastesystemet i verdas mest folkerike land, er offisielt avskaffa, men i praksis eksisterer dette sterkt undertrykkande systemet i beste velgåande. Kvinner og jenter, frå den lågaste kasten, har til no vore bort i mot fritt vilt for menn frå høgare kastar. Det fører til tusenvis av valdtekter og bestialske drap, kvart einaste år.

India er i tillegg det landet i verda som forureinar mest.

I Kina, som Noreg no ligg an til inngå frihandelsavtale med, finnes store arbeidsleirar der folk som er i opposisjon til styresmaktene, i praksis vert nytta som trælar.

Samtidig ser me at norsk storkapital flyttar verksemder, som går med overskot, ut av Noreg og inn i sør-aust-asiatiske statar, for å oppnå endå større forteneste. Slik er dei med på å oppretthalda eit urettferdig og sterkt diskriminerande system.

Artikkelen held fram under annonsen.

Som me kan lesa ut av dette, har den viktige anti-rasistiske rørsla nok å henga samtidsfingrane sine i, så får ein heller setja gårsdagens heltar inn i den historiske samanhengen dei fortenar å stå i.

Sjølv vonar eg at det ikkje går lange tida før eg kan sjå enno ei Holberg-oppsetjing på Den Nationale Scene.

Per Jan Ingebrigtsen