ABORT: «Kven har sagt at nokon skal gå gjennom livet utan belastningar?» spør pastor Jens Thorsen i lesarbrevet. Arkivfoto: Marius Knutsen

Tre ugyldige argument i den nye abortdebatten

Kirsti Bergstø frå SV står fast på at det ufødde barnet er ein del av moras kropp (Debatten på NRK 1 torsdag 29. april). Men det stemmer jo ikkje. Det veit alle no. Mellom barnet og mora ligg morkaka som eit avansert stoffeskifteorgan mellom to heilt ulike individ som har kvar sitt genom (DNA). Barnet er så ulikt mora at kroppen hennar under heile svangerskapet produserer eigne stoff som hindrar at barnet i magen vert støytt ut. Denne produksjonen stansar ved fødselen. Det er avgjerande viktig i denne debatten at me klarar å skilja mellom graviditeten og barnet som er årsak til graviditeten.

Dessutan er det jo slik at ingen, korkje kvinner eller menn, bestemmer fritt over sin eigen kropp heller. Om ein person kjem til lege og ber om å få fjerna ein frisk finger eller eit friskt organ, vil legen ikkje gjera det uansett kor mykje vedkommande tryglar og ber om å få det gjort.

Kirsti Bergstø meiner at abortnemndene må bort fordi det er så belastande for gravide å måtta forholda seg til ei nemnd. Dette er eit ikkje-argument. Kven har sagt at nokon skal gå gjennom livet utan belastningar? Det er ein illusjon. Alle må leva med belastningar av ulike slag, nokre lette, andre tunge. Det er heilt normalt. Ingen kjem unna. Heller ikkje gravide kvinner som ønskjer seinabort.

Kirsti Bergstø vil avgrensa kvinners rett til sjølvbestemt abort ved den tida då barnet oppnår levedyktig alder. Til dette er å seia: Alle barn i morsliv er levedyktige så lenge dei får lov å vera der dei er og ingen tuklar med dei, og ingen barn er levedyktige utanfor mors liv ved fødsel utan lang tids pleie og omsorg frå foreldra eller andre omsorgspersonar.

Jens Thoresen, pastor