VIKTIG: Me må jobba for at ulike grupper kjenner at dei høyrer til i galleriet, og i den kunsten som galleriet presenterer, og at galleriet tilhøyrer dei, skriv Karvel Strømme. Foto: Privat

Treng me eit galleri i Fitjar?

Eller: Er kunst og kultur eigentleg viktig?

Svaret er kort og greitt ja, men me er ikkje heilt ferdige, for me må jo utdjupa dette. Det er nemleg slett ikkje sikkert at alle er einige i dette, for mange menneske spør seg sjølv – eller andre : Kva er eigentleg kunst? Kva skal me med kunst? Kva skal kunsten vera godt for? Kven skal bestemma om noko er kunst?

Lat oss ta det første først: Kva er kunst? Dette er eigentleg eit stort filosofisk spørsmål, men eg vil ikkje teoretisera det alt for mykje. Eg meiner at kunst er noko som gjev deg ei indre oppleving; god eller dårleg, alt etter om opplevinga gjer deg glad eller lei, eller sint, rasande sint, anten på sjølve kunstverket, på kunstnaren eller på det kunstverket symboliserer. Difor er kunsten individuell, både når det gjeld kunstnaren og den som opplever kunsten. Det er veldig spennande å gå inn på eit galleri og sjå på dei kunstverka som blir presenterte, og så gå inn i samtale med andre som vandrar rundt. Då får me verkeleg slått fast ulike inntrykk og meiningar om kunst!

Men kunsten kan ofte vera krevjande å setja ord på, på same måten som andre opplevingar kan vera vanskelege å forklara for andre. Det blir gjerne klisjear som flott, fint, vakkert, spennande, skummelt osv. Men me skal ikkje undervurdera desse «klisjeane», dei kan jo koma «frå hjarta»,og det viktigaste er jo det som betraktaren har fått med seg,og som han/ho ber med seg i hjarta.

I ein OECD-rapport nyleg, står det at «…kreativitet, innovasjon, problemløysing og kritisk tenking er dei mest sentrale og etterspurde ferdigheitene for framtida…».

Altså: Kombinasjonen mellom kreativitet, kunnskap og læring kan gi barna eit heilskapsgrunnlag som kan koma dei til gode seinare i livet, til dømes når dei møter kunsten i ein eller anna form. Får dei denne kombinasjonen no,får dei dette grunnlaget …..eg berre spør. Mange meiner dei ikkje får det!

For å kunna gje folk alle desse opplevingane, for at dei skal kjenna seg «heime» i kunsten, for at dei skal kunna møta kvarandre og utveksla meiningar om kunst generelt og om einskilde kunstverk, anten det no er musikk,scenekunst, som til dømes revyar eller biletkunst, treng me arenaer! Me har eit kulturhus i bygda, takk og pris, og me har eit galleri, takk og pris! Viss me mistar galleriet, og då tenkjer eg sjølvsagt på vårt vakre og intime «Galleri Losjen», så mistar me eit ledd i bygda sitt kulturliv. Me må jobba for at ulike grupper kjenner at dei høyrer til i galleriet, og i den kunsten som galleriet presenterer, og at galleriet tilhøyrer dei. Då kan biletkunsten bli viktig for fleire og gje dei opplevingar som utvidar kulturbiletet!

Eigentleg kunne dette vera svar på alle spørsmåla, så eg stoppar her førebels, men kjem att med eit innlegg til seinare. Men då skal det handla om «Galleri Losjen» spesielt.

Fitjar, 10/7-20

Karvel Strømme, Fitjar

Artikkelen held fram under annonsen.