Kven vil vel søka inn ungane eller søka seg jobb ein plass der det er så lett å svinga sparekniven? spør Wenche Elin Midttun. Arkivfoto: Herborg Sørli Foto: Herborg Sørli

Trygge rammer i kommunale barnehagar

Eit godt år er gått sidan Sagvåg og Litlabø barnehage blei gjort om til Sagvåg barnehage og avdelinga på Litlabø blei lagt ned. Ungane som måtte byte avdeling har brukt dette året på å tilpassa seg. Nokon har byrja på skulen, andre går siste året i barnehage no … men 4 av dei står nå i fare for å igjen måtte oppleva å mista dei trygge rammene i kvardagen og bytte avdeling.

Ungane våre treivst på Litlabø. Varme og imøtekommande tilsette av eit eige kaliber, få ungar med godt samhald og foreldre som faktisk kjende kvarandre.

Eg er mor til ei av desse 4 som allereie har bytta avdeling. Å gå øve til ein større barnehage har gått greitt, men har teke tid. Me var heldig og fekk med oss nokon av eldsjelene som var tilsette på Litlabø, og endå så merkjer eg at ho er skeptisk ved levering, særskild om ikkje nokon av desse er på jobb. Desse ungane har allereie måtta tilpassa seg til kommunens økonomiske situasjon ein gong i sine 4 år gamle liv, og nå føreslår rådmannen å leggja ned barnehagen dei nett har blitt vane med! Desse ungane har betalt prisen for kommunen si dårlege økonomiske styring allereie, ikkje la dei betala den ei gong til! Det er ikkje ungar sin jobb å måtta retta opp i situasjonar forårsaka av vaksne. Ungar er ikkje puslespillbrikker ein berre kan flytta rundt på, dei treng trygge rammar, rutinar og stabilitet for god utvikling. Og ikkje minst behalda dei gode tilsette som dei er knytte til, og som nå igjen står i fare for å måtta bytta til nok ein mellombels arbeidsplass i påvente av ny barnehage i 2023.

Som forelder, så må eg og seie at årets budsjettforslag er veldig dårleg reklame kommunale barnehagar. Kven vil vel søka inn ungane eller søka seg jobb ein plass der det er så lett å svinga sparekniven?

Wenche Midttun, mor i Sagvåg barnehage