UKRAINA: – Menneske treng ikkje berre praktiske ting, vi treng òg menneskeleg kontakt og aktivitetar. Eit samla Noreg står saman med våre allierte i heile Europa for å vise solidaritet med Ukraina og menneske på flukt, skriv Lene Vågslid, leiar av kommunalkomiteen på Stortinget for Arbeidarpartiet. Foto: Privat

Tryggleik for ei utrygg tid

Ikkje før dei siste munnbinda for dei fleste var lagt på hylla, braut det ut krig i Noregs nærområde. Millionar av menneske er tvinga på flukt frå heimane sine og landet sitt. Medan børsane fell, prisane stig og meir uvisse enn på lenge ligg føre oss, la regjeringa fredag fram den første satsinga på oppbygging av forsvar, beredskap, mottak og integrering av flyktningar etter krisa. For å bøte på dyr straum, forsterkar og forlenger òg regjeringa no straumkompensasjonen til norske hushaldningar. Ein ny sikkerheitssituasjon gjer at vi òg må styrke forsvar og beredskapen vår. Regjeringa foreslår å bruke 3 milliardar for å auke kapasiteten i forsvaret for avskrekking og forsvar av landet. Dette gir tryggleik i ei utrygg tid.

Over heile Noreg gjer kommunar og folk seg no klar til å ta mot flyktningar. Det er rørande å sjå bilda i lokalaviser av frivillige, kommunar og andre som opnar hallar og heimar. Vi ser gamle skular bli gjort klar til bruk og pensjonerte lærarar som igjen stiller opp for at vi kan vere ei trygg hamn for alle som kjem frå krigen. Tre av fire ordførarar seier helsetenestene no er klar for å ta mot flyktningar. Det er viktig. No skal vi ruste oss endå betre i stand så flyktningar raskt kan kome i gang med livet her nord. Regjeringa foreslår derfor å ruste opp kapasitet på mottak av flyktningar, medisinsk hjelp, støtte til bustader i kommunane, norskopplæring, barnevern, skule, frivillige, barnehagar, og meir.

Frivillige frå mellom anna Røde Kors, Norsk Folkehjelp og fleire, gjer det lett å bli mållaus. Kloke hovud og varm omsorg står på utan løn for å gi flyktningar tryggleik, informasjon, venskap og sosiale aktivitetar i ei livskrise. I pakken til regjeringa i dag kjem derfor også ei styrking av frivillig integreringsarbeid. Menneske treng ikkje berre praktiske ting, vi treng òg menneskeleg kontakt og aktivitetar. Eit samla Noreg står saman med våre allierte i heile Europa for å vise solidaritet med Ukraina og menneske på flukt. Stortinget behandlar no regjeringsforslaget og alle partia er inviterte med. Saman skal vi finne svar som trygger landet og tar oss gjennom usikre tider.

Lene Vågslid, leiar av kommunalkomiteen på Stortinget for Arbeiderpartiet