Gisle Tjong brukar sykkel som framkomstmiddel, og har ofte vore utsett for trafikkfarlege situasjonar.
Gisle Tjong brukar sykkel som framkomstmiddel, og har ofte vore utsett for trafikkfarlege situasjonar. Foto: Magne Kydland

Turbulens i trafikken

I sist veke skreiv Sunnhordland om einbilist som pressa ein mopedist av vegen ved Heiane, og onsdag vartein syklist på Bømlo påkøyrd av ein bil.

Eg har vore utsett for slik pressing av bilar som passerer meg fleire gonger. Faktisk fysisk kontakt. Sjeleglad for at det gjekk bra. Og nesten-kollisjon i samband med hasardiøs forbikøyring like sør for Sandvikvåg. Og i langt over alle tenkjelege fartsgrenser på staden. Og små eller store bilar, ingen forskjell. Forferdeleg å ha 25 cm avstand til eit langt vogntog. Du føler det som ei æve, og at du balanserer på ei tynn line, med masse ubereknelege luftstraumar rundt deg. Turbulens kallast det visst.

Gisle Tjong