TURLAGET: Seniorgruppa på tur til Mehammarsåta i juni. Foto: Privat

Turlaget opnar opp att!

Men ikkje heilt som før...

Koronaen kom i vår og lamma mykje av den oppsette aktiviteten i Turlaget. Det meste vart avlyst. «Kva gjer me no»? Ja, det var spørsmålet me stillte oss sjølve. Jo, me får på plass «Trimpoeng»

« Raske hovud» slo seg saman, og etter eit par veker var årets trimpoeng-system på plass.

Ein må laste ned appen «Trimpoeng» og finna konkurransen Stord Fitjar, der ligg 69 turmål rundtom på heile øya, med turbeskrivelse og det heile. Når ein når eit turmål registrerer ein seg elektronisk via telefonen, og ein får poeng. Der er korte , enkle turer og der er tyngre turer, langt og høgt til fjells. Dette er utruleg inspirerande og mange har fått «tenning». Aldri har vel så mange vert engasjert i ein «turgåingskonkurranse». 1.048 personar har engasjert seg og av dei er det 858 som er med og går. Kvar månad vert det trekt ut kjekke premiar mellom dei som har gått til meir enn 150 poeng. Konkurransen varer like til 1. november, så det er ikkje for seint å komme i gang! Når me når 1. november vert det sjølvsagt premiering i toppen, men det vert også trekt ut ei brei premiering mellom alle som går.

Den største premien kan jo og vera at ein vert inspirert til å gå turer ein elles aldri hadde gått, ein vert betre kjent på øya, ein kjem ganske raskt i betre form, og for dei som slit med for mange kilo, så er det rapportert at det ligg att mange kilo rundtom i turløypene no! Det vanlege turprogrammet er no kommen i gang, men ikkje alt som før.

Barnas Turlag er godt i gang med sine toppturer og kveldsmatturer. Den årvisse «Kom Deg Ut» dagen vert ikkje som før. Me kan ikkje i år arrangere eit opplegg der me risikerer at borti 800 mennesker kjem. «Kom Deg Ut» dagen er 6. sept. Og me oppmodar alle til å ta ungane sine med ut på tur, og då ta bilder som dei sender inn. Me arrangerer ein fotokonkurranse, og dei finaste bilda vert premierte. Pølsene me vanlegvis deler ut på «Kom Deg Ut» dagen vert servert på kveldsmatturane seinare. Følg med på lysingane i Bladet Sunnhordland.

Det veldig gledelege er at me i år har fått i gang ei DNT Ung gruppe på Stord. Det er ei gruppe berekna på unge i alderen 12 til 18 år. Dei vil også lyse ut sine arrangement i lokalavisa.

Seniorgruppa og hovudlaget er godt i gang med sine arrangement. Me kan ha opptil 50 personar med på tur og alle må melde seg på. Seniorgruppa har tur kvar onsdag, alle er velkomne til å vera med!

Aktiv til 100 er no heldigvis i gang igjen. Det er eit absolutt lågterskeltilbod. Oddetalsvekene går turen fra Møllebrua til Gapahuken i Stuvikjo, og i partalsvekene går turen frå inngangen til Skjephaugen og inn til Gapahuken i Skjephaugen.

Den vanlege «Oppturen» for åttandeklassingane, som årvisst går første onsdagen i mai, vil i år gå 16. sept. Då er det denne gong niandeklassingar frå heile øya som vert henta i buss og får turleiing opp og over Stengjelsheddo, og etterpå vert frakta heim att i buss. Der stiller Seniorgruppa med 40 frivillige, og me gler oss!

Artikkelen held fram under annonsen.

Elles så jobber me dugnad jevnt og trutt! Lundastølen, Tårnet, alle gapahukane, bruer og stinett vert stelt med og ettersett. Den nye gapahuken i Hustrudalen vil snart reise seg, og alle venter me på klarsignal for å komme i gang med hytta på Stovegolvet. Akkurat no ligg byggesøknaden hos Fylkesmannen, og me må vel gjerne sei at det mest realistiske er at bygginga vert i 2021, og ikkje denne hausten som me hadde håpa på.

Aldri har så mange vert registrerte turgåarar på Stord, og aldri har så mange vert medlemmer i Turlaget! Me har no passert 1.280 medlemmer. Det hadde vert veldig kjekt om me passerte 1.300 i medlemstal dette året! Uansett, medlemmer eller ikkje, vera velkomne til alt me arrangerer i Stord Fitjar Turlag! Laget for alle!

La meg til slutt nemne at me hadde sju årsverk med frivillig arbeid i fjor! Eg sender eit djupt takk til alle som var med og bidrog til den innsatsen! Så ynskjer eg alle eit framleis godt turår! Håper me får ein fin haust!

Beste helsing Gerda Øen, framleis stolt og glad turlagsleiar