KRITISK: «Ville til dømes Raja også endra lovverket slik at ungdommar som driv med trafikkfarleg køyring i høg fart eller nasking i butikkane ikkje skal bli lovbrytarar?», skriv Dag Sele i lesarinnlegget. Foto: Henrik Mundal Andreassen

«Tynn hasj-argumentasjon frå Abid Raja»

Det er både urovekkande og litt skuffande å lesa intervjuet med Abid Raja der han tek til orde for legalisering av hasj. Urovekkande fordi det er eit svært dårleg signal til den oppveksande generasjonen og skuffande fordi argumentasjonen er tynnare enn ein kunne forventa av ein stortingsrepresentant.

Det er svært bekymringsfullt at Raja på denne måten gjer seg til talsmann for den sterke legaliserings-lobbyen. Det er liten tvil om at regelmessig hasjbruk kan utløysa psykoseutvikling hos sårbare personar og forverrar tilstanden for svært mange av dei som alt er sjuke. Dette er noko me som arbeider med psykosepasientar kunne fortalt Raja mykje om. Og så kan me i denne samanheng la det litt meir omdiskuterte spørsmålet om effekten på befolkninga generelt liggja...

Les også
Abid Raja: – Hadde teke meg ein joint, om det var lovleg

Den litt meir pussige delen av resonnementet til Raja er at det i stor grad kviler på spørsmålet om foreldre ønskjer at ungdommar som prøver hasj «..med det skal være en lovbryter». Det er ganske spesielt at ein jurist som i tillegg er lovgjevar argumenterer med at det er lovverket som gjer folk til lovbrytarar. Denne argumentasjonsrekka kunne fått nokre merkelege utslag dersom det skulle få allment gjennomslag. Ville til dømes Raja også endra lovverket slik at ungdommar som driv med trafikkfarleg køyring i høg fart eller nasking i butikkane ikkje skal bli lovbrytarar? Neppe! Dette verkar meir som eit argument tilpassa den aktuelle saka.

Til skilnad frå spørsmålet om full legalisering av narkotika, er den pågåande debatten om avkriminalisering og helsehjelp framfor straff for rusmisbruk ein viktig debatt. Men når Raja no følgjer opp den sterke legaliserings-lobbyen sine forslag om legalisering, er det eit svært bekymringsfullt signal. Ikkje minst er det eit signal unge menneske som skal manøvrera i det vanskelege terrenget av rusmidlar og samfunnet sine grenser ikkje treng.

Dag Sele

Psykiater

Artikkelen held fram under annonsen.

Talsperson i Partiet Sentrum for psykisk helse