MÅ I GANG: Monica Brekke Fosse, hovudtillitsvalt i Fagforbundet, er klar på at ein må få i gang dei nye sjukeheimsplassane. Foto: Kjetil Østrem

Uforsvarleg å utsetja

Fagforbundet meinar at utsetting av sjukeheimsplasser er det mest kritiske i budsjettforslaget til Rådmannen. Dette vil gje store konsekvensar for heimebaserte tjenester som i dag har ein arbeidskvardag med ekstremt høgt arbeidspress. Her vil ein trenge den avlastninga ein kan få, både som tilsett men ikkje minst for både brukarane og deira pårørande som verkeleg treng ein sjukeheimsplass.

Les også
Rådmannen vil utsetja nye sjukeheimsplassar: – Ikkje det ein treng no

Fagforbundet meinar det er uforsvarleg å utsette oppstarten av desse plassane til 1. mai 2021, og ynskjer å påpeika viktigheta av at desse kjem på plass så tidleg som mogeleg. Friske midlar må på plass for å få realisert sjukeheimsplassane, det vil vera heilt feil prioritering å evt ta resurssar frå heimebaserte tjeneste (som bistår den eldste delen av befolkninga) for å finansiera dette. Det er viktig at ein klarar å skapa eit tilfredstillande nivå for tjenestene både for de tilsette og brukarane.

Monica B. Fosse, hovudtillitsvalt, Fagforbundet