Meiningar: – Når vi no skal gå i gong med handsaming av meldinga, treng vi ein konstruktiv debatt, skriv Liv Kari Eskeland (biletet) og Torill Eidsheim. Arkivfoto: Henrik Mundal Andreassen

Uhøyrt om vindkraft

Fleire av konfliktlinjene vi no opplever i vindkraftsakene er eit direkte resultat av dei vedtak Senterpartiet i si tid forma ut då dei hadde statsrådsposten i Olje og energidepartementet. Det er difor med undring vi no er vitne til den kritikken Kjersti Toppe (Sp) framfører av dei innstrammingane denne regjeringa ønskjer å gjera for å rydde opp i det som botnar i eit regelverk som Sp innførte, og som vi ser ikkje fungerer.

Vindkraftsaker følgjer i dag plan- og bygningslova si forskrift om konsekvensutgreiingar og sakshandsamingsreglane i energilova og forvaltningslova. Denne endringa vart gjort av Senterpartiet og dei raudgrøne under Stoltenberg-regjeringa i 2008, då vindkraftsaker vart flytta frå plan og bygningslova over i energilova. Hovudargumentasjonen var at ein meinte konsesjonshandsaming gjennom energilova langt på veg varetok dei same krava til sakshandsaming som ein hadde i plan- og bygningslova. Høgre var den gong tvilande til om endringa fullt ut gjorde det.

No opplever vi at Senterpartiet tek til orde for reversering av det dei sjølv innførte.

Dei fleste parti på Stortinget har dei siste par åra etterlyst betre kunnskapsgrunnlag for etablering av vindmøller. Ein opplevde ei auka utbygging av vindkraft utan at det låg til grunn eit godt nok kunnskapsgrunnlag og heilskaplege planar. Dette arbeidet vart sett i gong gjennom det som skulle munne ut i ei nasjonal ramme for vindkraft. Eit omfattande arbeid, med svært mange involverte partar. Ein plan som skulle fortelje overordna kvar vindkraftanlegg kunne gi god effekt. Planen vart sendt på høyring, men etter fleire rundar og sterke protestar vart denne lagt bort.

KRITISKE: «No opplever vi at Senterpartiet tek til orde for reversering av det dei sjølv innførte», skriv lesarbrevskribentane. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Det pågår i dag oppstart og bygging av vindkraftanlegg fleire stader i landet. I mange tilfelle er tildelingane gjort fleire år tilbake i tid, basert på det konsesjonsregelverk som i si tid vart vedteke av den raudgrøne regjering. Det ser ut til at alle no er samde om at eksisterande konsesjonssystem treng å oppdaterast og endrast. Dette er bakteppet for at olje- og energiminister Tina Bru har lagt fram eit framlegg til ny melding om konsesjonstildeling for vindkraft, noko som gir historisk innstramming i vindkraftpolitikken.

I den nye stortingsmeldinga om vindkraft foreslår regjeringa at det skal leggjast meir vekt på natur og naturverdiar. Det ligg inne forslag om ei rekke innskjerpande krav for dei som vurderer å etablere vindkraft på land. Vi treng ein god balanse mellom viktige natur-/miljøverdiar og tilgang på fornybar kraft. Det er viktig for både klima og naturmangfald at vi tar vare på økosystema våre. Konsesjonsbehandlinga for vindkraft på land skal i framtida leggja større vekt på natur, landskap, friluftsliv og kulturmiljø.

I Høgre meiner vi at å sikre god lokal medverknad gjennom energilova er viktigare enn å reversere vedtaka frå 2008. Det skal gjennom prosessen vera høve for kommunane til å seie nei til etablering av vindkraftverk i eigen kommune. Vi ser fram til gode høyringsinnspel som kan danne grunnlag for eit regelverk som sikrar gode medverknadsprinsipp og gir legitimitet dersom vindkraftanlegg skal etablerast.

I vårt område er det ikkje motteke noko søknad til departementet for nye vindkraftanlegg, og regjeringa er tydeleg på at det vil ikkje vera aktuelt å gje nye konsesjonar etter gjeldande konsesjonssystem frå 2008. Når vi no skal gå i gong med handsaming av meldinga, treng vi ein konstruktiv debatt. Tillit og tryggleik må reetablerast!

Liv Kari Eskeland, stortingsrepresentant (H), energi- og miljøkomiteen

Torill Eidsheim, stortingsrepresentant (H), kommunal- og forvaltningskomiteen