– Me veit at leiken er eit universelt språk, og at barn finn vener og knyter kontakt heilt uavhengig av funksjonsevne, kjønn, bakgrunn, farge, kultur og språk, skriv Sigfrid Leifsen, styrar i Trodlahaugen barnehage. Foto: Privat

Ulike saman - tenk kor heldige me er

I 2005 gjekk Utdanningsforbundet, Fagforbundet og Foreldreutvalet for barnehagar (FUB) i lag og arrangerte Barnehagedagen. Bakgrunn for dagen var ein planlagt kampanje mot forslag om endring av krav til kompetanse og pedagognorm i barnehagelova. Regjeringa gjorde heldigvis retrett i høve forslaget, mellom anna på grunn av ein landsomfattande underskriftskampanje frå foreldre.

Sidan då, har Barnehagedagen vore ein dag som blir markert kvart år. Målet med dagen er mellom anna å synleggjera barnehagen sitt innhald og kvalitet, gjennom å opna dørene til nærmiljøet og omverda.

Tysdag 10. mars blei årets Barnehagedag markert. Tema i år var: «Ulike saman». Dagen blei markert i år for å visa kva det å høyre til betyr for kvaliteten i barnehagen.

Ei av barnehagen sine viktigaste oppgåve er å arbeida for at alle barn opplev å høyre til, og vera inkludert i barnehagefellesskapet. Det skal vera «rom og plass» til alle barn uansett funksjonsnivå, kjønn, sosiale, etnisk og kulturell bakgrunn. Barnehagen skal gje barna felles erfaringar og synleggjera verdien av fellesskap. Ein skal visa korleis alle kan læra av kvarandre og fremja barna sin nysgjerrigheit og undring over likskapar og forskjellar. Det å høyre til, og vera inkludert i fellesskapet i barnehagen er viktig for alle barn.

Tysdag 10. mars blei årets Barnehagedag markert. Tema i år var: «Ulike saman». Foto: Privat

I Trodlahaugen barnehage ville me bruka Barnehagedag 2020 til å setje fokus på alle dei ulike nasjonane og kulturane me har i barnehagen vår. Me inviterte foreldre til å bidra med mat frå dei ulike landa og kulturane. Me fekk inn masse godt, alt frå proja frå Serbia, villsau og hjort frå Stord, kyllingkaker med kruspersille frå Polen, bolane frå Afghanistan, jabra frå Syria, sambosa frå Somalia, letcho frå Ungarn, mandazi frå Burundi og masse masse meir. Me spurte foreldra om dei kunne lære oss kva «velkommen til oss» er på deira språk. Me fekk hjelp til å skrive det ned på ein plakat som heng i barnehagen vår. Tenk så masse flotte språk som me har i barnehagen vår.

Me samla oss, alle barn og vaksne til fellessamling på danserommet. Silje fant fram globusen, og starta og reise rundt i verda. Ho stoppa til slutt i Afrika. Der fann ho eventyret, «Aninsi vil bli vis», som ho fortalde til oss. Eventyret handla om at me alle har ulik visdom, og at den visdomen me har fungera best dersom me deler den med andre og samarbeida. Til slutt song me alle Løveloven: « Eg skal vera meg, men gje plass til andre, slik at dei blir seg. Bry meg om ein annan, hjelpa når eg kan. Slik blir livet betre for barn i alle land».

Tenk, kor heldig dei barn er som har høve til å bli kjent med, og leike med så mange ulike barn i løpet av barnehagedagen. Me veit at leiken er eit universelt språk, og at barn finn vener og knyter kontakt heilt uavhengig av funksjonsevne, kjønn, bakgrunn, farge, kultur og språk.

Ein ring av gull, ein riktig stor,

med plass til alle hender.

Der ingen er størst, der ingen er minst.

Artikkelen held fram under annonsen.

Der ingen er først, der ingen er sist.

Me held fast, så alle kjenner,

at ringen er smidd av gode venner.

Sigfrid Leifsen

styrar Trodlahaugen barnehage