MEININGAR: «Ta vare på dei to fritidsklubbane me har. Ta vare på ungdommen!», skriv Kari Yttredal. Arkivfoto: Marius Knutsen

Ungdomsklubben

Me les stadig i vår lokalavis om ungdom som er stoppa av politiet av ulike grunnar. Til tider kan me også lesa om alvorlege saker dei er innblanda i. Det kan virke som om det er fleire og fleire ungdommar i kommunen vår som treng hjelp. Me bør undra på kvifor. Og sjå kva meir tiltak me kan i gang setja.

Nokre av desse ungdommane brukar fritidsklubben. Her møtes ungdom på tvers av livserfaring, interesser og alder (13 til 18 år) I dag har me 100 medlemmar på Harri fritidsklubb. Det er fleire som ynskjer medlemskap men med omsyn til størelsen på lokalet er det ikkje tillat med fleire. Klubben driv i nedre del av Utbygda grendahus. Det er ikkje så moderande lenger. Det er lenge sidan det vart pussa opp. Men det ser ikkje ut til å plaga ungdommen .Det dei treng, er bare ein stad å møtast.

Fritidsklubben er ein god stad å vera. Bort i frå gata, kulturhuset og senteret. Bort i frå rommet og dataspel. Bort i frå einsamheten. Bort i frå tankar om å prestera i kvardagen. Her kan dei vera seg sjølv. Her er det alltid ein klem å få. Her blir dei tatt vare på.

Sitat frå ein 14-åring: «Når eg er på klubben gløymer eg alt det som er vanskeleg»

Dei har ofte behov for ein prat. Om mopeden i garasjen eller langt vanskelegare ting. Då er det godt å ha stabile vaksne som kjenner dei godt. Fleire av oss som jobbar fast ved klubben har jobb på barneskule, så mange av ungdommane har me kjend sidan dei var i småskule alder. Samtidig er me litt perifere og då vert det kanskje litt lettare å prate med oss enn dei heima.

Les også
Framtida til fritidsklubbane er truga nok ein gong

Det hender politiet kjem på besøk. Ikkje fordi det er nokon som har gjort noko gale, men for å bli kjende med dei. Det hender og dei tar seg tid til eit slag biljard eller ein omgang med tv spel før dei drar. Utekontakten kjem også innom klubbane. Flinke ungdommar i styret sørger for god musikk, og ser til at alt er som det skal vera på klubben.

Eg gleda meg til kvar kveld eg skal vere saman med desse kjekke ungdommane. Men den siste tida har eg faktisk vert ganske lei meg, og flau over å vera vaksen. Fordi det er vaksne menneske som atter ein gang vil ta klubben frå ungdommen. Den klubben dei kjempar for å behalda førre år og året før det….

Når flyplassjefen får behalda flyplassen sin. Skulle det bare mangla. om ikkje ungdommen skulle få behalda klubben sin! Ein klubb som fungera kjempe godt akkurat slik den er i dag. Ta vare på dei to fritidsklubbane me har. Ta vare på ungdommen!

Kari Yttredal