«Utanfor anleggsområdet var det berre hålke, der det før var varme i gata», skriv Håvard Hystad. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Unngå eggedosis!

Me var tom for egg. Eg måtte på butikken for å handla. Turen ut gjekk greitt, men heim vart det verre. Paradegata vår, Borggata var som eit vaskebrett og den elektriske scooteren min hoppa opp og ned, som ein skakar av rette sort. Eg kom meg heim, med heile egg, for heldigvis hadde eg førebudd meg på at noko slikt kunne skje.

Egga kom heile heim, det gjorde eg og. Utanfor butikkane var det fint føre i gata, men utanfor anleggsområdet var det berre hålke, der det før var varme i gata. Har ikkje dei også eit ansvar for å halda gata nokolunde farbar? Eller ligg dette på kommunal grunn (midt i gata). Litt regn no, så vert det reine lukkespelet å gå, eller køyra el. stol i gata.

Og så eit lite spørsmål til slutt: Skal ikkje kommunen syta for farbar veg (brøyta, strø) på offentleg merka gang- og sykkelveg? Også litt i utkanten, som til dømes strekkja Borggata – via Svehaugen til Åsbanen? Eg observerte to klatrande på denne strekkja, i tillegg er det heimehjelp som må slita med dårleg føre fleire gonger i døgeret. Det er snakk om den gamle kyrkjevegen.

Eit lite hjartesukk frå

Håvard Hystad