Øyvind Halleraker (t.v.), Helge André Njåstad og Jon Georg Dale fekk informasjon av planprosjektleiar Signe Eikenes i januar 2019. Foto: Olav Røli

Uriktig om Hordfast

I sitt svar til Jan Kjerpeseth 19. mai kjem Kurt Oddekalv med ein uriktig påstand om at Statens vegvesen unnlet å gjere ei samanstilling av prissette og ikkje-prissette tema i utgreiingsarbeidet med E39 Stord–Os.

Det som er riktig er at Vegvesenet er lovpålagt å følgje forskrift om konsekvensutgreiing, noko som er gjort i konsekvensutgreiingsarbeidet for E39 Stord–Os, også kalla Hordfast. Til dette arbeidet har Vegvesenet eit internt hjelpemiddel kalla Handbok V712. Konsekvensutgreiinga for Hordfast blei gjennomført i 2016, og her er da 2014-utgåva av Handbok V712 nytta. I 2018-utgåva er det lagt inn ein visuell modell for framstilling av prissette og ikkje-prissette konsekvensar. I kommunedelplanen for E39 Stord – Os gjorde vi samanstillinga av prissette og ikkje-prissette konsekvensar gjennom ein verbal omtale. Kanskje er det forskjellen mellom tekstframstilling og modell som gjev Oddekalv inntrykk av Vegvesenet har brote regelverket?

Les også
Nøling på hoppkanten

Elles er det ei grei presisering at avvik frå interne handbøker ikkje er det same som brot på regelverk. Uansett kva versjon av handboka som er nytta, så er resultatet for E39 Stord–Os det same: Prosjektet får positiv økonomisk verdi (netto nytte) og med negativ påverknad på naturen.

Samanstillinga av prissette og ikkje-prissette konsekvensar kan ikkje berre «summerast». Prissette konsekvensar – til dømes spart reisetid, investeringskostnad, driftskostnad – kan og skal bereknast. Her får E39 Stord–Os svært positiv netto nytte. Dei ikkje-prissette konsekvensane, til dømes friluftsliv, naturmangfald, kulturmiljø og naturressursar, kan vi ikkje berekne på same måte. Her er det laga ein eigen metodikk for å sette verdi og vurdere omfang. Samanstilling av verdi og omfang skal gje ein konsekvens. Det er eit arbeid som blir gjort av eigne fagfolk med kompetanse knytt til kvart enkelt tema. Nytten til eit prosjekt skal drøftast opp mot konsekvensane med utgangspunkt i forskrift om konsekvensutgreiing.

Les også
Jan Kjerpeseth må ta seg en bolle

Kommunedelplan for E39 Stord – Os er godkjend, og Statens vegvesen har fått i oppdrag av samferdsledepartementet å gå i gang med reguleringsplan. I denne bestillinga ligg det at vi ytterlegare skal søke å avgrense inngrepa i verdifull natur. Dette arbeidet skal vi gjere i tett dialog med Fylkesmannen.

Signe Eikenes, prosjektleiar Statens vegvesen