SVARAR PÅ PÅSTANDAR: Signe Eikenes, prosjektleiar i Statens vegvesen, svarer på påstandar frå Naturvernforbundet. Illustrasjon: Statens vegvesen

«Uriktige påstander frå Naturvernforbundet om Hordfast»

I eit innlegg i Sunnhordland hevdar Naturvernforbundet at Statens vegvesen har brote retningslinjer i arbeidet med berekning av samfunnsnytte for E39 Stord-Os, også kalla Hordfast. Det stemmer ikkje.

Vegvesenet er lovpålagt å følgje forskrift om konsekvensutgreiing, noko som er gjort i konsekvensutgreiingsarbeidet for E39 Stord – Os. Til dette arbeidet har Vegvesenet eit internt hjelpemiddel kalla «Handbok V712». Konsekvensutgreiinga for Hordfast blei gjennomført 2016, og her er da 2014-utgåva av handbok V712 nytta. I 2018-utgåva er det lagt inn ei visuell modell for framstilling av prissette og ikkje-prissette konsekvensar. I 2014-utgåva er dette «berre» framstilt med tekst. Uansett kva versjon av handboka som er nytta så er resultatet for E39 Stord – os det same: Prosjektet får positiv verdi (netto nytte) og med negativ påverknad på natur. Temarapportane er tilgjengeleg på prosjektsida: www.vegvesen.no/Europaveg/e39stordos

Med helsing

Signe Eikenes, prosjektleiar Statens vegvesen

Les også
Hordfast: – Avgjerda om å nytta statleg plan vert ikkje endra