UROVEKKJANDE: «Diverre er det slik at når nye område skal regulerast til veg og industri og bustadformål, er det jordbruksareala som taper», skriv lesarbrevskribenten. Foto: Steinar Hystad

Utan bonden stoppar Norge

«Utan bonden stoppar Norge» er et slagord som er reelt! For det er faktisk slik. Ikkje det at andre næringar ikkje er viktige, det er dei for all del, men bonden og jordbruket har ei særs viktig rolle for Noregs befolkning.

Omdisponering av jordbruksareal til andre formål skjer i for stor grad i dag i forhold til det me har bruk for i framtida. Det er ei avgrensing på at ikkje meir enn 4.000 mål skal byggjast ned årleg, eller bli omdisponert til andre formål. Dette er, slik eg ser det, likevel altfor mykje nedbygging.

Folketalet aukar, samstundes som jordbruksareala minkar. Når me veit at sjølvforsyningsgraden i Norge er på 38 prosent, ja sannsynlegvis mindre, må denne omreguleringa av jordbruksareala reduserast meir. Eg går for nullvisjonen, sjølv om eg veit at det er umogeleg, men eg meiner at ved planlegging av nye byggeprosjekt skal minst mogeleg jordbruksareal bli råka.

Diverre er det slik at når nye område skal regulerast til veg og industri og bustadformål, er det jordbruksareala som taper. Dette er urovekkjande, ikkje minst når me veit at matjorda også blir råka. Den er ein ikkje-fornybar ressurs, og må behandlast som om den var gull.

Som medlem av kommunestyret i Bømlo i tredje perioden for PDK, har eg heile tida hatt fokus på dette. Det er diverre veldig vanskeleg å få tilslutning i kommunestyret på forslag om bevaring av matjord og jordbruksareal når nye vegtrasear og bustad – og industrifelt skal byggjast. Ja, me har bruk for utbygging, men må den gå på kostnad av dei stakkars tre prosent av Norge som er å rekne som jordbruksareal? Mitt svar er nei!

Partiet De kristne, PDK, er svært opptatt av å styrke forsvaret. Dette gjeld også matvare- beredskap. Sjølvforsyningsgraden må betydeleg opp. Den er på eit kritisk lågmål.

PDK vil:

• Gjenopprette regionale kornlager

• Redusere kraftig omdisponering av jordbruksareala og sikre at matjord som må fjernast skal brukast til etablering av nye jorder.

• Unødige hindringar og reguleringar må fjernast, slik at kvar enkelt gårdbruker får mogelegheit til å gjera garden sin til eit lønnsamt bruk.

Artikkelen held fram under annonsen.

• Kortreist mat må sikrast gjennom lokale gardar som blir haldne oppe over heile landet.

• Den enkelte bonde bør står fritt til å selja sine varer der han måtte ynskje, anten det er direkte til forbruker, gjennom matvarekjeder eller til foredling.

PDK ønskjer å gjere eit så godt val at PDK kan bli representerte på Stortinget frå neste periode. For å klare det trengjer partiet di stemme. Gå inn på heimesida og les programmet der www.dekristne.no.

For å få forandring må ein stemme nytt, og på parti utanfor Stortinget. PDK er eit veldig godt alternativ!

Lars-Kåre Katla, 2.-kandidat på stortingslista for PDK Hordaland