Utanforskap utfordrar velferdsstaten

Stadig fleire nordmenn står ufrivillig utanfor arbeidsmarknaden. Denne utanforskapen pregar også Sunnhordland, der 15 prosent av befolkninga i arbeidsfør alder anten er uføretrygda, får arbeidsavklaringspengar eller har sosialhjelp som hovudinntekt. Dette er lågare enn landssnittet på rett over 16 prosent, men likevel eit høgt tal. Årsakene kan ligge i både fysisk og psykisk helse, manglande utdanning og språklege og kulturelle forhold.

INN I ARBEIDSLIVET: «Det handlar om vår velferd og framtid, om kommuneøkonomi og levande lokalsamfunn», skriv Anne Kverneland Bogsnes, direktør for Nav Vestland i dette lesarbrevet som jo har skrive saman med Håvard Lægreid, leiar for Nav region Sunnhordland. Foto: Privat

Heldigvis har me eit godt sosialt sikkerheitsnett som fangar opp mange av dei som ikkje er i jobb eller utdanning. Den norske velferdsstaten byggjer på prinsippet om at menneske som kjem i ein vanskeleg livssituasjon, har rett til å få hjelp. For at vi skal ha desse velferdsgoda også i åra som kjem, er det viktig at alle som kan og vil jobbe, får høve til det.

Ferske berekningar frå Nav viser at samfunnet sparar i gjennomsnitt 4,7 millionar kroner for kvar mottakar av arbeidsavklaringspengar som kjem i arbeid framfor å bli uføretrygda. Gevinsten blir enda høgare for unge stønadsmottakarar, sidan dei har fleire år igjen i arbeidslivet. Det er ekstra viktig å bruke ressursar på ungdommen!

Mange av ungdommane som står utanfor arbeidslivet, har ikkje fullført ei utdanning og har lite eller ingen erfaring frå arbeidslivet. For dei med helseutfordringar, er det eit klart fleirtal som har ei psykisk liding. Det er avgjerande at dei får rask og god hjelp, slik at dei ikkje blir verande utanfor arbeidslivet. Både me i Nav og helse- og utdanningsinstitusjonar har eit ansvar for å jobbe tett saman for å hjelpe ungdomane.

Ei anna gruppe som skil seg ut, er dei som kjem til Norge som flyktningar. Dei fleste lukkast etter kvart med å livnære seg gjennom lønna arbeid, men vi ser og at mange slit. Ved utgangen av 2020 var 10 prosent av dei som innvandra frå Asia og Afrika utan arbeid, mot 3,8 prosent totalt i Norge. Samstundes manglar ei rekkje kommunar kvalifisert arbeidskraft, til dømes i industrien og pleie- og omsorgssektoren. Mange av dei som har kome til Norge og Sunnhordland med ein annan språk- og kulturbakgrunn, ønskjer å kvalifisere seg til desse jobbane.

Les også
Ministeren vil at fleire skal få same sjanse som Endre (23)

Navs omverdsanalyse for perioden fram til 2035 viser at norsk næringsliv skal gjennom ei omstilling som vil gi store endringar i arbeidsmarknaden. Næringslivet vil spørje etter heilt andre typar kompetanse enn det dei arbeidsledige har i dag. Me vil få mange nye yrke, og dei kan kome på andre plassar og i andre sektorar enn der dei «gamle» arbeidsplassane forsvinn.

Det vil gjere at det offentlege må utvikle og investere i nye tiltak som fører til at folk kjem seg i jobb sjølv om dei har nokre utfordringar. Dette er ikkje ei oppgåve Nav kan løyse aleine. Både utdanningssektoren, helseapparatet og kommunane må dra lasset saman med oss. I tillegg er det heilt avgjerande at me saman med bedriftene tenkjer nytt om korleis me samarbeider om rekruttering.

Stillasprosjektet på Stord er eit døme på slikt samarbeid. Aker Solutions har saman med oss i Nav skreddarsydd eit utviklingsløp der arbeidssøkarar kan kvalifisere seg til jobb i verksemda. Slik får bedrifta lokalt tilsette med rett kompetanse, og deltakarane får ein ny sjanse i arbeidslivet.

Dette er ein modell me ønskjer å sjå meir til i tida framover. Det handlar om vår velferd og framtid, om kommuneøkonomi og levande lokalsamfunn. Ikkje minst handlar det om verdigheit for enkeltmenneske.

Anne Kverneland Bogsnes, direktør for Nav Vestland

Artikkelen held fram under annonsen.

Håvard Lægreid, leiar for Nav region Sunnhordland