BØR VENTA: Utbygging på Hystad bør venta, meiner SV-politikarane Atle Hansen og Nils Magne Blålid. Foto: Arkiv

Utbygging på Hystad (Gnr. 26, bnr. 1 m.fl.)

I kommuneplanen for perioden 2010-2021 er eit areal på 166 dekar foreslått regulert frå LNF-område (landbruk-, natur- og friluftsområde) til bustadar. Området ligg aust for Hystadvegen og sør for vegen ned til Apply.

I tilrådinga etter konsekvensutgreiing står det bl.a. at området er sentrumsnært og det vert difor lagt til rette for utvikling av eit bustadområde med høg utnytting. Ved utbygging skal det takast omsyn til kulturminne og grøntanlegg. Området kan byggjast ut med 100-200 bustadar alt etter utbyggingsform.

Les også
Søkjer om regulering for 400 bueiningar på Hystad

Noverande kommuneplan vart vedteken i 2010, ny kommuneplan er planlagt vedteken i 2023. Underteikna er kjent med at det vert arbeidd med ei reguleringsplan for dette området no, og då er det desse spørsmåla som kjem opp. Treng vi å bygge ned fleire grøntområde no? Tek vi godt nok vare på matjord? Det er ledige tomter på Tyse (på begge sider av vegen), Hatlandsåsen (og vidare ut over mot Digernes). Det er bygt ut i Leirvik sentrum og fleire utbyggingar er planlagt der. På Finn står det over 130 bustadar til sal.

BUSTADER: Her, på Hystadbakkane, har Fronta og Odd Hansen AS sett for seg 400 bueiningar. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Noverande kommuneplan skulle vore erstatta av ei ny for lengst. I påvente av ny kommuneplan, når vi har bustadar og tomter tilgjengeleg, bør vi ikkje då ta oss tid til å vurdere behovet for å bygge ned nye grøntområde?

Atle Hansen og Nils Magne Blålid, Stord SV