SKJERMAST: – Kuttet i skulane sitt driftsbudsjett på 700.000 kan ikkje gjennomførast og elevressursen må skjermast, skriv lesarbrevskribenten. ILLUSTRASJONSFOTO: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Utdanningsforbundet Stord sine merknadar til budsjettet for 2021

Rådmannen/formannskapet sitt budsjettframlegg for 2021 er presentert. I innstillinga er det mellom anna foreslått å avvikla vikarpoolen, og kutta driftsbudsjettet i skulen med 700.000 kroner.

Utdanningsforbundet Stord stiller seg undrande til at det vert no vert innstilt på å avvikla vikarpoolordninga. Ordninga har vore ein stor suksess, og set Stord på kartet som ein seriøs arbeidsgjevar. Det er svært viktig at elevar i skulane på Stord får kvalifiserte vikarar. Ungane våre fortener den beste skulen me kan gje dei.

Då Vikarpoolen vart oppretta i 2017, konkluderte rådmannen:

«Rådmannen meiner ein vikarpool for barnehage og skule kan verta eit godt rekrutteringsverktøy for kommunen. Ein har vikarar med godkjent utdanning som vil bli godt kjent med einingane, og erfaringane frå vikarpoolen til RHO tilseier at det vert mindre belastning på dei tilsette når ein har ei meir føreseieleg vikarløysing. Ved å starta opp i eit forsiktig omfang vil ein gjera seg erfaringar som kan gjera det lettare å utvida talet på tilsette med tida.»

Seinast i 2019 vart vikarpoolen vurdert som ein så stor suksess, at ein samrøystes komité for oppvekst og utdanning vedtok å utvida med to ekstra lærarar. Vikarpoolen er i bruk heile tida, og me vil oppmoda både administrasjon og politikarar til å heller utvida vikarpoolordninga.

«Ungane våre fortener den beste skulen me kan gje dei», skriv Anne-Margrethe Madtsen. Arkivfoto: Henrik Mundal Andreassen

I budsjettet i fjor, vart elevressursen kutta med over 2 millionar kroner. Tidlegare år har det og vore kutta, og Utdanningsforbundet Stord meiner me no nærmar oss eit nivå der det knapt er mogeleg å redusera budsjettet til skulane meir. Vårt syn er at kuttet i skulane sitt driftsbudsjett på 700.000 ikkje kan gjennomførast og at elevressursen må skjermast.

Elevressursen inneheld det meste me driv med i skule, som til dømes vikarar, spesialundervisning, delingstimar, materiell og utstyr, turar og anna. Elevressursen er ikkje noko som kjem på toppen. Det er dette som er skulane sitt budsjett. Lærarar ynskjer å gje barna best mogeleg skulegang. Skal ein få det til, må ein få realistiske budsjett å driva etter.

Når regjeringa no i tillegg kjem med betydeleg beløp i tilleggsløyvingar til kommunane på bakgrunn av koronasituasjonen vil det og gjera stort utslag for skulebudsjettet på Stord. Kunnskapsminister, Guri Melby, er krystallklar på at desse pengane skal nå heile vegen fram til klasserommet. «Skule og barnehage må prioriterast lokalt når me bevilgar pengar nasjonalt».

Lukke til med budsjettarbeidet!

Anne-Margrethe Madtsen, nestleiar, Utdanningsforbundet Stord