STORT PRESS PÅ TENESTENE: Etter store kutt i helsetenestene ved førre budsjettrunde er det no viktigare enn nokon gong å sjå på heilheita, skriv lesarbrevskribentane. Illustrasjonsfoto: Ingvild Siglen Berger

Utdrag frå innlegg i budsjetthøyringa i Stord kommune

Me har alle ulike ønskjer, mål og draumar for liva våre. Det er ikkje alt me kan forutsjå, men me gjer alle vårt beste for å få til ein god kvardag for oss sjølv og dei rundt oss. I den samanheng stiller helsepersonellet ofte spørsmålet: «Kva er viktig for deg?» i møte med innbyggarane i Stord kommune, som av ulike årsaker har behov for kommunale helsetenester.

Etter store kutt i helsetenestene ved førre budsjettrunde er det no viktigare enn nokon gong å sjå på heilheita. Det er innbyggjarane og deira behov no og i framtida me må ha fokus på, og styrke tenestene rundt, også for å kunne skape god samfunnsøkonomi på sikt.

Les også
– Det hjelper ikkje at me skjer ned til beinet

Me ventar ein stor auke i personar over 80 år, og behovet for sjukeheimsplassar, utan nok folk til å bistå behova som kjem. Når me ønskjer at innbyggarane i kommunen skal bu lengst mogeleg i eigen heim – er me nødd til å tenkje nytt og langsiktig. Me må då tørre å satse no for å sikre berekraftige tenester for framtida. I dette budsjettframlegget har ikkje eining for aktivitet og re/habilitering fått nedtrekk, og skal drifte med om lag same ressursar som i 2021. Fleire av tenestene me driftar er løfta fram som satsingsområde – herunder heimerehabilitering, dagrehabilitering, førebyggjande heimebesøk og Frisklivssentralen, men diverre utan noko auke i ressursar denne gongen heller.

Me må byrje å nytte potensialet som ligg i at folk ynskjer å klare seg sjølv. For å kunne utnytte dette potensialet må me komme inn til rett tid.

Mange av dei innbyggarane me følgjer opp er i arbeidsfør alder. Våre tenester driv aktivt med å løyse ut ressursar hos enkeltpersonar om me får komme inn til rett tid. Tidleg innsats fører til større sjanse for å komme tilbake til jobb eller utdanning, mindre press på tenester kommunen leverer, fleire i arbeid og reduserte kostnader for kommunen.

Les også
Ein trygg alderdom

Det er eit stort press på fysioterapitenestene og ergoterapitenestene, vi jobbar etter strenge prioriteringslister. Det er ventelister med avvik både på barne- og vaksensaker innanfor ergoterapi, og ei stor auke i førespurnader til fysioterapi. Frisklivssentralen er implementert i avdelinga der ein kan jobbe med dei ulike tenestene meir koordinert og samla. I eit forskingsprosjekt gjort av Oppdal kommune viste det seg at ein ergoterapeut vil spare kommunen ca. 1,6 mill. kroner i året, samtidig som brukarane får auka sin livskvalitet med 53,6 %, mtp at dei kan bli buande heime lengre (Ergoterapeuten 03 – 2021).

Stord kommune har knappe terapeutressursar og ligg under snitt i landet ift. innbyggjarar.

Gevinsten av rehabilitering byrjar å bli godt dokumentert. Opptrappingsplanen for habilitering og rehabilitering (2017—2019) peikar på at rehabilitering i størst mogeleg grad bør skje i heim og nærmiljø. Målet i planen er at hovudtyngda av rehabilitering skal gå føre seg i kommunane. Likevel har Stord kommune bygd ned rehabiliteringstilbodet sitt, og har i dag ikkje eit døgnrehabiliteringstilbod. Det har medført store konsekvensar for dei som har behov for eit intensivt rehabiliteringstilbod etter alvorleg sjukdom og skade. Me ser at brukarar vert sendt heim med store behov for rehabilitering og opptrening, eller på korttidsopphald utan eit rehabiliteringstilbod. Det er stor forskjell på eit rehabiliteringsopphald og eit korttidsopphald! Dei dårlegaste pasientane får ikkje det tilbodet dei treng, og kommunen nyttar no mykje ressursar på organisering. Innbyggjarane som sit heime, og dessutan brukargrupper som lever med kroniske sjukdommar blir sett på venteliste fordi ein har prioritert brukarar med korttidsplass.

Les også
Så mykje kostar ein flunkande ny sjukeheimsplass i Stord

Samstundes vart det kutt i dei tenestene innbyggjarane får i heimen og sjukeheim, det skapar ein vond sirkel. For å drive gode tenester og få til ei god heilhet krevs det god koordinering og samhandling. Det blir vanskeleg når ein kuttar i avgjerande tenester som tildelingskontoret, heimebaserte tenester og sjukeheimen.

Eit anna tiltak vil vere å utnytte kompetanse me har i kommunen saman med friske midlar for å skape eit døgnrehab-tilbod. Kvar, korleis og i kva omfang desse eventuelle døgnrehabplassane skal vere, kan diskuterast. Om desse plassane vert øyremerkte på t.d. Gullberg som har fleire sjukepleiarar med spesialkompetanse på rehabilitering, vil me som fysioterapeutar ha gode arbeidsforhold for å samarbeide med desse sjukepleiarane og ergoterapeuten om å tilrettelegge eit rehabforløp.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjelder:

Hva er barnevernsreformen? (bufdir.no)

Kan spare millioner på rehabilitering (fysioterapeuten.no)

Hvor mye kan en ergoterapeut spare inn for en kommune? Ergoterapeuten 3 – 2021

Mvh.

Norsk ergoterapiforbund, Anna Elisabeth Lundal

Norsk fysioterapiforbund, Bård Inge Bø

Fagforbundet, Karianne Slettvåg