LANDBRUK: «For å kunna driva med god dyrevelferd, krevst det store investeringar, utgiftene til gjødsel, fòr og energi aukar til ekstreme høgder», skriv Gro Rydland og Ester Aasen Bjelland. Illustrasjonsfoto

Utfordring til Høgre i Fitjar og Stord

Før valet i haust hadde Høgre mange fagre forteljingar om deira satsing på distrikta i Norge. Samtidig var det ferjeopprør mange stader, og det viste seg i vår at ei viktig yrkesgruppe for distrikta, bøndene, i snitt gjekk ned 40.000 kr i løn sist år. (Budsjettnemnda.)

Senterpartiet vil prioritera distriktspolitikk med handling. For eit par veker sidan kom gladmeldinga om gratis ferje for strekningar med under 100.000 reisande per år. Hos oss gjeld dette ferje til Austevoll og Huglo. Målet er at fleire ferjestrekningar skal bli billegare seinare. Med ein gong ferjenyhenda kom, var Høgre kritisk. No er jordbruksavtalen underteikna med eit historisk godt oppgjer, langt høgare enn tilbodet frå staten då Erna styrte og organisasjonane for bøndene braut. Etter at avtalen var signert 16. mai, kom protestane frå Høgre.

Tina Bru, finanspolitisk talsperson i Høgre uttalte til NRK 12. mai «Det er en forskjell på det du er nødt til å bruke penger på, og det Arbeidarpartiet og Senterpartiet meiner det er gøy å bruke penger på. Når Vedum selv uttrykker bekymring for renta og oljepengebruk blir det rart å prioritere milliardar til et stort landbruksoppgjør, oppløsning av Viken, gjenopprette høyskole på Nesna og gratis ferjer uten at man samtidig kutter et annet sted.» Erna Solberg og Lene Westgaard-Halle, næringspolitisk talsperson i Høgre, var også sterkt kritiske i VG 13. mai og Nationen 16. mai.

Senterpartiet har prioritert god distriktspolitikk med eit historisk godt landbruksoppgjer og starta arbeidet med fleire gratis ferjer, ikkje fordi det er «gøy»! Det er tvingande nødvendig for å oppretthalda norsk matproduksjon og busetting i distrikta. Me ser at matvareprisane akkurat no stig raskt i Sverige og andre europeiske land, mykje meir enn her hos oss. Regjeringa arbeidar også med regulering av konkurransen i daglegvarehandelen, for å få matvareprisane lågare. Økonom Kjersti Haugland i DNB Markets seier til E24 den 4. mai at eit godt landbruksoppgjer ikkje skaper meir inflasjon, fordi støtta som vert gitt til landbruket er støtte som ikkje aukar prisane så mykje.

Me som bur på ei øy må sjå verdien av å kunna få reisa gratis på veg til og frå arbeidsplass og skular. Ikkje minst vil næringslivet sjå kor viktig dette tiltaket verkar. Fleire stader i landet har bønder varsla at dyr ville bli slakta og gardsdrifta lagt ned utan eit skikkeleg oppgjer. Ikkje fordi det ville bli «gøy» å skifta jobb, men fordi ein ikkje kan driva med så dårleg inntening som det var blitt. Arbeidsmarknaden skrik etter folk, å skifta jobb er fullt mogleg. For å kunna driva med god dyrevelferd, krevst det store investeringar, utgiftene til gjødsel, fòr og energi aukar til ekstreme høgder. Unge kvinnelege bønder har store problem med å kunna lønna avløysaren medan dei har fødselspermisjon. Med denne jordbruksavtalen vil auka kostnader bli kompensert og velferdsordningane bli betre. Heldigvis, no er det utruleg mange som seier dei ser langt lysare på utsiktene framover, for eksempel unge bønder intervjua i Nationen 16. mai.

Ferjene er me avhengige av. Landbruket er ei svært viktig næring i Fitjar og delar av Stord, med store ringverknadane for andre næringar og for kulturlandskapet. Meiner Høgre her i Fitjar og Stord det same som Tina Bru at gratis ferje og eit godt landbruksoppgjer for bøndene ikkje er god distriktspolitikk?

Artikkelen held fram under annonsen.

Gro Rydland, lokallagsleiar i Fitjar Senterparti

Esther Aasen Bjelland, lokallagsleiar i Stord Senterparti