I det prisløna magasinet Mitt Sunnhordland, som kom ut i ny utgåve i dag, kan du mellom anna lesa om Kværner-arbeidarar. Her ser me Fredrik Terjesen. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Vårt kjære, vakre Sunnhordland

Kjære lesar! I dagens avis ligg magasinet «Mitt Sunnhordland». Sidan magasinet vart sendt til trykking i førre veke, er det så godt som «koronafritt», og me håpar difor at de vil setja pris på litt anna lesestoff enn det som pregar nyhendebiletet for tida. Av same grunn er det ikkje alt som er oppdatert. Kulturkalenderen, til dømes, stemmer jo ikkje, sidan det aller meste er stengt. Og me har ein stor reportasje frå brakkeleiren på Heiane Vest. Den er no tom. Men vonleg er det folk der att om ikkje altfor lang tid …

Det er ikkje til å leggja skjul på at det er ei spesiell tid for oss alle no om dagane, og det pregar også innhaldet i Sunnhordland. Informasjon er viktig i krisetider, og her spelar lokalavisene ei viktig rolle. Det blir diverre mykje negativt, noko som er vanskeleg å unngå, men samstundes skjer det også kjekke ting. Difor håpar me at du som les dette tipsar oss om positive saker oppi det heile. For ingenting er kjekkare enn det.

I desse tider får både me og andre medium kritikk frå enkelte, fordi ikkje alle sakene ligg opne for alle. Me prøver så godt me kan å balansera dette på ein god måte, og viktig informasjon frå styresmaktene vil sjølvsagt liggja opne. Samstundes er me i Sunnhordland også råka av krisa, slik som svært mange andre verksemder. Annonsetilgangen, som er ei stor inntektskjelde, har nærast stoppa opp over natta, og me må diverre ty til permitteringar og andre verkemiddel. Difor er me nøydde ta betalt for den journalistiske jobben me gjer, slik at me får levert ut viktig informasjon til innbyggjarane også i tida framover. Det håpar me at de som les dette har forståing for.