MEININGAR: – Når Frp ynskjer å fjerne fylkesmannen frå arealsakene, er dei på kollisjonskurs med både fleirtalet i Stortinget og ikkje minst, folk flest sine interesser, skriv Kjellbjørg Lunde. Arkivfoto: Henrik Mundal Andreassen

«Vengjeklipping» av Fylkesmannen og Statens vegvesen

Vi har igjen sett utspel frå Frp der dei foreslår å ta frå fylkesmannen ansvaret for å kunne gripe inn i arealsaker i kommunane. Også Statens vegvesen blir no sett på som bremsekloss for alt Frp meiner bør skje.

Ein kan lure på kvifor ikkje Frp vil ta frå fylkesmannen ansvaret på andre område også? Fylkesmannen skal mellom anna sjå til at innbyggjarane får det tenestetilbodet lovverket gir dei rett til innan helse, eldreomsorg, skule- og barnehage?

Regjering og Storting har bestemt at fylkesmannen skal passe på at kommunane fylgjer opp i samsvar med det dei har ansvar for, og som skal vere i tråd med ulike lov- og regelverk, til dømes i kommunelova, kommuneplan -, opplærings - og helselovgjeving, for å nemne nokre.

Les også
Frp vil gjera det enklare å byggja nytt, også i verneområde og strandsona

Dette er lovverk og vedtak som skal sikre innbyggjarane føreseielege og rettferdig fordelte gode i samfunnet. Til dømes motverke at dei som til dømes har råd til å kjøpe opp attraktive strandområde, og gjennom dispensasjonar frå strandplanlova, får sette opp fritidshus og dermed privatisere og hindre dei mange, tilgang. Allemannsretten står sterkt i vårt land, og har gjort at folk flest har tilgang på natur og friluftsliv, men i standsona har det blitt vanskelegare.

Vi har forstått at Frp særleg er i mot at fylkesmannen skal ha noko å seie innan arealplanlegging, bl.a. at forbodet mot bygging i strandsona blir etterlevd. Men det er kommunane som i første rekke har ansvar for at dei held seg innan det som er lovleg. Berre dersom kommunen til dømes gir dispensasjonar utover det som er heimla i lova, noko mange kommunar har gjort, skal fylkesmannen gripe inn. Sameleis når nasjonalt vedtekne felles interesser skal varetakast, til dømes innan naturforvalting, biologisk mangfald og kulturminne.

Heldigvis ser det ut til at dei fleste kommunar no ser at dispensasjonspraksisen ikkje kunne halde fram. Sjølv om mange hevdar noko anna, viser kartleggingar at det ikkje er særleg meir igjen av attraktive areal i strandsona. Slike er i hovudsak nedbygde og privatiserte.

Dei som trur at fylkesmannen grip inn titt og ofte, bør sjekke statistikken. Då vil ein sjå at det er veldig få innsigelsessaker i høve til alle sakene fylkesmannen behandlar.

Les også
Gav innspel til budsjettforhandlingane

Fylkesmannen har plikt til å gripe inn når det er påkravd, og oppdraget kjem frå Staten; d.v.s. oss alle. Regjeringa gir oppdraget, etter vedtak som er gjort av eit fleirtal i Stortinget.

Slik fungerer demokratiet, og Stortinget har bestemt at i arealsaker skal dei ulike omsyna vegast opp mot kvarandre, og våre felles interesser skal varetakast. I dei seinaste lovrevisjonar er det særleg natur- og miljøomsyn, klimatiltak, ivaretaking av biologisk mangfald og å sikre areal for rekreasjon og friluftsliv i eit folkehelseperspektivet, som er vektlagt.

Næringsareal, vegar og anna infrastruktur, landbruk, bustadar, skular- og barnehagar og alt anna skal inn i ein overordna plan, og kommunane har ein krevjande jobb i å følgje opp alle pålegg. Då er fylkesmannen ein god fagleg støttespelar, kanskje spesielt i arealsaker.

Artikkelen held fram under annonsen.

Når Frp ynskjer å fjerne fylkesmannen frå arealsakene, er dei på kollisjonskurs med både fleirtalet i Stortinget og ikkje minst, folk flest sine interesser.

Kjellbjørg Lunde