MARKERING: Eit høgdepunkt i 2019 var feiring av 30 års venskap med fem gjester frå Comalapa. Her etter jubileumsseminaret på Stord vidaregående skule 11. mai. Frå venstre: Marco Calí, Gerd Synnøve Fladby, Donaldo Similox, Karen Muchuch, Petter Skauen, Roselia Quiná, Mariel Aguilar Støen, ordførar Gaute Epland og Williams Cali. Foto: Harald Onarheim

Venskap før, under og etter Koronaviruset

2019 var eit spesielt år for Venskap Stord-Comalapa. Det var 30 år sidan Stord kommune tok initiativ til å knyta vennskapsband til San Juan Comalapa i høglandet i Guatemala i Mellom-Amerika. Jubileet vart feira på Stord i mai 2019 då fem representantar frå Comalapa var på Stord i to veker. Det var tre representantar frå Amistad Comalapa-Stord: Roselia Quiná, leiar, Marco Cali og Demetrio Williams Calí, ein representant frå Comalapa kommune Donaldo Similox og stipendiat Karen Muchuch frå ADEPAZ, organisasjonen som gir stipend til ungdom i Comalapa med støtte frå midlar Elevrådet ved Stord vidaregåande skule samlar inn på solidaritetsdagen.

Det var ein spesielt sterk delegasjon som kom frå Comalapa denne gongen. I tillegg til veteranane i vennskapsarbeidet, gjorde ungdommane, som representerte ADEPAZ og Comalapa kommune, opphaldet svært vellukka med kreativiten og kunnskapen dei tilførte. Det var laga eit omfattande program for gjestene frå Comalapa. To ungdommar starta med å springe Stord Maraton. Delegasjonen fekk presentera seg for ordførar Gaute Epland og administrasjon i Stord kommune, samt møte politikarar i Komité for næring, miljø og kultur. Dei fekk omvising på Stord sjukeheim, SIM, Kværner Stord og på Stord ungdomsskule. Kanskje det mest vellukka var alle møta med Stord vidaregåande skule der dei var med i spanskundervisning, i møte med Elevrådet og lærarar ved skulen. Stipendiat Karen Muchuch gjorde stor lukke, og det var også stas at Roselia Quiná hadde gjesta skulen før i ei utveksling mellom vidaregåande skular på Stord og i Comalapa, og at tidlegare leiar på Stord, Chris-André Elvik hadde vitja skulen Escuela de Ciencias Comerciales mens han var elev ved Stord vidaregåande skule.

Ein av høgdepunkta under feiringa var jubileumsseminaret laurdag 11. mai 2019 med forelesarane Mariel Aguillar Støen frå Universitetet i Oslo, Petter Skauen frå Kirkens Nødhjelp og Marco Calí frå Comalapa. Dessutan var det interessante kunstneriske innslag frå Stord vidaregåande skule og frå venene frå Comalapa. Seminaret var ope for alle og var svært vellukka med interessant ordskifte på slutten. Om kvelden var det jubileumsfest for inviterte frå Stord kommune, Stord vidaregåande skule, IKK, Venskap Kvinnherad-San Lucas Tolimán og deira gjester frå Guatemala, samt dei tilreisande foredragshaldarane.

Gjestene frå Comalapa budde privat under opphaldet, og dei var og invitert til mange heimar til eit bordsete, slik at mange vennskapsband vart forsterka og nye knyta.

17. mai gjekk delegasjonen frå Comalapa saman med representantar frå Venskap Stord-Comalapa i Borgartoget.

I eit samarbeidsprosjekt med Comalapa er miljø i fokus, spesielt skogplanting er viktig der. På Stord fekk representantane frå Comalapa vera med varaordførar Jakob Bjelland og planta nokre små tre i skogen i Gullberg,.

Etter invitasjon heldt representantar frå Venskap Stord-Comalapa i 2019 to foredrag for høvesvis Stord- og Fitjar Bygdekvinnelag.

Årsmøtet for 2019 vart halde i Stord kulturhus 20. februar 2020.

Styret ser slik ut etter at det hadde konstituert seg:

Leiar: Gerd Synnøve Fladby,

Artikkelen held fram under annonsen.

Nestleiar: Torger Magne Tvedten,

Sekretær: Tove Karin Linge,

Kasserar: Einar Steinkopf,

Styremedlem: Henriette Stokke,

Styremedlem frå Stord kommune: Bente Bjelland.

Varamedlemmer: Ingunn Hansejordet, Stine Norveel Semb og Chris André Elvik, samt Nancy Aasheim frå Stord kommune.

Planar for 2020

Ein viktig plan for 2020 var å førebu ei delegasjonsreise til Comalapa i oktober 2020 der me håpa å få med representantar frå Stord kommune og Stord vidaregåande skule. Og me planla å samarbeida med Amistad Comalapa-Stord om eit seminar der med tema miljø. Det skulle og vera ein jubileumskonsert der for å feire 30 års vennskap.

Me hadde og ein plan for eit ope møte på Stord i samarbeid med Venskap Kvinnherad-San Lucas Tolimán med tema Latin-Amerika generelt og Guatemala spesielt. Det var avtalt med forelesar frå Universitetet i Bergen. Me håper at det opne møte kan realiserast i løpet av hausten. Når det gjeld delegasjonsreise til Comalapa, må denne vente til 2021 på grunn av Korona-situasjonen.

I Guatemala ligg epidemien etter Noreg tidsmessig, så den er i full utvikling der no. Dei har hatt mange restriksjonar med mellom anna portforbod i helgene og avgrensa løyve til å gå ut om dagen. Dette har medført mange vanskar, spesielt for dei som er avhengig av ei inntekt dag for dag for å brødfø seg og familien. Folk går med munnbind og beskyttar seg så godt dei kan mens dei håper at kvardagen skal normalisera seg. Men før dei kjem så langt er det tøffe tider folk i Comalapa går i møte, og vennskapskontakten er viktigare enn nokon gong. Om du ønskjer å verta medlem i Venskap Stord-Comalapa ta kontakt: gerdfladby@gmail.com

Gerd Synnøve Fladby