KrF-politikar: Stortingsrepresentant, og tidlegare fylkesordførar, Torill Selsvold Nyborg. Arkivfoto: Per Egil Larsen

Ver med i den store dugnaden

Vi skal stå saman, ikkje med klemmar og fysisk kontakt, men ved å halda avstand. Det er no vi skal gjera det vi kan for å unngå å setja oss sjølve eller andre i fare for å bli smitta av koronaviruset.

I Norge er vi gode på dugnad. Og det har aldri tidlegare vore viktigare å mobilisera den gode dugnadsånda som finst i kvar og ein av oss.

Bli med i dugnaden ved å ringa ein gamal venn, nabo eller slektning. Når besøk ikkje er mogeleg, er det viktigare enn nokon gong å visa omsorg og omtanke for kvarandre.

Bli med i den nasjonale dugnaden ved å fylgja råd og pålegg frå myndigheitene. Respekter karantenen, ver nøye med hygiene og ikkje føreta unødvendige reiser. Tiltaka myndigheitene har sett i verk, er gjort for å beskytta samfunnet og sårbare menneske for smitte. Om du ikkje er bekymra sjølv, så tenk på alle dei som er det.

Bli med i dugnaden ved å stilla opp. Vi skal ta vare på kvarandre i ei tid som dette. Det kan vi gjera på mange måtar. Vi kan tilby oss å handla inn mat for andre og hjelpa med andre praktiske tenester. Vi kan vera rolege og trygge medmenneske i møte med dei som er urolege.

Bli med i dugnaden ved å tenkja på dei som kjem etter deg i køen. Når du går i butikken må du hugsa at Noreg er eit velfungerande land med god infrastruktur. Fortvil ikkje om det vert tomt i hyllene, for det vert mest sannsynleg påfyll i morgon.

Bli med i dugnaden ved å ta omsyn til helsepersonell. Helse- og omsorgsarbeidarane gjer ein livsviktig innsats i desse dagar.

La dei få utføra arbeidet sitt utan å risikera smitte frå andre.

I ein kvardag som kan opplevast meir usikker og kaotisk, er det umåteleg viktig at vi visar omsorg og omtanke for kvarandre. No er tida her for å visa at vi bryr oss om kvarandre og at vi er villige til å stilla opp og hjelpa til.

Torill Selsvold Nyborg, stortingsrepresentant, KrF