Meiningar: – Det synest for meg nokså klart at løysinga ikkje ligg på det teknologiske eller medisinske planet, men på det sosiale og moralske, skriv Dag Eirik Eikeland. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Verda etter koronakrisa

«I dag såg eg tvo månar, ein ny

og ein gamal.

Eg har stor tru på nymånen.

Men det er vel den gamle.»

Slik heiter det i eit lite dikt av Olav H. Hauge.

Og mange menneske spør seg i dag kva som vil skje etter at vi (vonleg) har lagt koronakrisa bak oss. Mange har ei kjensle av at manneætta må leggja om kursen, og kallar på noko nytt. Slik vi har stelt det til både for kvarandre og for verda kan vi ikkje halda fram. Åtvaringane var sterke før krisa: Klimakrise, raskt aukande sosial ulikskap, større og mindre økologiske katastrofar, polarisering, samanbrot i sosiale strukturar…..

Ordet «krise» kjem frå gresk, og ei tyding er at ei krise kan vera eit avgjerande vendepunkt. Stefan Zweig skreiv ei essaysamling om «Die Sternstunden der Menschheit», om hendingar i verdssoga som på avgjerande vis endra heile historias gang. Kanskje kan den pågåande krisa verta ei slik «stjernestund», men det vil ikkje skje utan målmedviten innsats frå oss – oss menneske.

Då Berlinmuren fall hausten 1989, var det mange av oss som vona at dette skulle verta ei av desse «Sternstunde» som på radikalt vis kunne gje verda ein ny retning. Etter tiår med kald krig var det ein draum om fridom, likskap og brorskap; ei ekte globalisering bygd på samarbeid mellom alle folk. Og vi fekk globalisering, men fullt og heilt på finansmarknadene sine premissar. Resultata kjenner vi etter kvart altfor godt: akselererande ulikskap mellom folk og nasjonar, naturøydeleggjingar og forfall i sosiale strukturar. Denne gongen må vi ikkje la stunda gå frå oss!

Verda er svært, svært sjuk, og sjukdomssymptoma er mange. Mange har tenkt og skrive godt og innsiktsfullt om det djupt utilfredsstillande ved kapitalismen, mange har òg gjennom åra spådd kapitalismens snarlege undergang. Når verda likevel ikkje har klart å kvitta seg med denne måten å organisera det økonomiske livet på, har dette mange grunnar, her skal berre summarisk nemnast nokre få.

Noko er enkelt å skjøna: Den som har pengar, har makt. Men viktigare er det at lovverka i mest alle land favoriserer kapitalismen. Eigedomsretten til produksjonsmidlar, naturressursar og land, arbeidslovgjeving, internasjonale handelsavtalar og mykje anna, favoriserer den kapitalistiske produksjonsmåten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit anna sjukdomsteikn er at produksjonen fyrst og fremst er organisert slik at han skal tilfredsstilla kapitalens krav om rentabilitet, ikkje etter kva dei røynlege menneskelege behova er. Hovuddrivkrafta til dette finn vi i den svært urettferdige fordelinga av kjøpekraft, mellom menneske og mellom nasjonar.

To grunnleggjande misforståingar fører i dag verds- og samfunnsøkonomien på ville vegar:

Arbeid er inga vare som kan omsetjast i ein marknad.

Likeeins er heller ikkje pengar ei vare: Pengar har berre ei meining og verdi når det finst ein realøkonomi. Pengar er berre ein aktivitetsformidlar, ingen ting i seg sjølv.

«Kva må gjerast?»

«Ja, tenke det; ønske det; ville det med; – men gjøre det!»

Nei, det er sjølvsagt ikkje enkelt å endra eit heilt verdssystem, og kanskje trengst det fleire koronakriser for å få det til…..men det er no vi har «stjernestunda».

Mange gjer seg til talsmenn og -kvinner om at ingenting må verta som før. Andre krev at «business as usual» må gjennomførast snarast råd. Kven som seier kva er avhengig av så mykje: Er du arbeidslaus med få utsikter til meiningsfull omstilling, er du gjerne mindre oppteken av dei store omleggingane enn den som har alt sitt «på det turre». Bygningsarbeidaren eller hotellresepsjonisten har andre utsikter enn kommunekasseraren. Eigaren av småbedrifta har eit anna perspektiv enn amanuensen på universitetet. Slike skilnader må sjølvsagt takast på alvor, for dei er uttrykk for levande menneske si sut for livsopphaldet sitt. Og ingenting riv grunnen meir under føtene på eit menneske enn utryggleik for livsopphaldet.

Eit anna tilhøve skal vi òg hugsa på: Ut frå mykje av det som vert sagt om det økonomiske livet etter koronakrisa, kan vi få eit inntrykk av at verda no ser ut om lag som Tyskland etter den 2. verdskrigen, totalt utbomba. Men slik er det sjølvsagt ikkje: Heile verdas produksjonsapparat og infrastruktur er intakt. Det er berre den finansielle sida ved det økonomiske livet som er svekka, øydelagt eller rasert. Vanskane med å få i gang produksjonen att er difor meir av bokhaldsmessig (og sjølvsagt praktisk) art. Og slett ikkje all produksjon må takast opp att!

Nokre grunnleggjande innsikter om kva som skal skapa verda i framtida er, i svært korte drag:

Artikkelen held fram under annonsen.

• Arbeid er inga vare. Løn (d.v.s. eit livsopphald) er noko vi har krav på fordi vi er menneske, det høyrer saman med menneskeverdet vårt. Kan ei vilkårslaus grunninntekt for alle vera ein del av løysinga?

• Naturressursar må ikkje vera i privat eige, heller ikkje grunn. Derimot kan individ eller grupper av menneske ha driftsrett eller disposisjonsrett over ressursane, men under avgrensingar, t.d. når det gjeld tid og miljøkrav.

• Prøva ut andre driftsformer enn aksjeselskapsforma, t.d. stiftingar eller kooperativ

• Endre aksjeselskapslovgjevinga frå profittorientering til å tena allmennytten.

• Sterke forbrukarinitiativ for prioritering av «nyttig» produksjon. (Dette er sjølvsagt ei utfordring, men med likare fordeling av kjøpekraft vert denne monaleg mindre!)

• «Omvendt Treuhandanstalt». Etter samlinga av Tyskland i 1990 vart det oppretta eit organ som heitte Treuhandanstalt. Denne hadde til oppgåve å privatisera tidlegare austtyske statseigde Volkseigenen Betriebe etter gjenforeininga. Etter koronakrisa vil det truleg vera mange konkursbu som vil ha behov for hjelp til å koma i gang att. Her kan ein tenkja seg at mange bedrifter kan koma i gang under andre typar eigarskap og organisasjonsformer enn tidlegare, t.d. som nemnde ovanfor.

• Rettferdige handelsavtalar, der arbeidsvilkår, miljøkrav og klimamål har forrang eller erstattar konkurransevilkåra. Skilnader i lønsnivå er ikkje konkurransekriteria!

• For nokre tiår sidan var det eit slagord som lydde: «Tenkja globalt, handla lokalt». Det er ingen motsetnad mellom internasjonalt samarbeid og solidaritet, og det å ta vare på det nære og deira sosiale og økonomiske strukturar. Dersom det globale øydelegg det lokale fellesskapet, går verda opp i liminga.

Dei store spørsmåla og oppgåvene ligg likevel framfor oss

Same korleis ein framover søkjer å forma framtidssamfunnet med sine institusjonar, ligg dei store spørsmåla likevel opne: Kva er ei rett løn (eller midlar til livsopphald, for den del)? Kva er den rette prisen for ei vare eller teneste? Vil kapitalen, same kven som disponerer han, alltid måtta vera forbunden med maktutøving? Kan nokon i det heile eiga grunn? Kva er «nyttig» produksjon?

Artikkelen held fram under annonsen.

Å ta tak i dei spørsmåla og problemstillingane som er skisserte, vil krevja stor politisk, intellektuell og praktisk innsats. Det betyr at nokon må ta initiativ til konkret handling, til konkrete vedtak. Det kan gjerast på mange område: på det politiske området, forbrukarinitiativ, innan einskildbedrifter, fagforeningar, NGO’ar, og mange andre. Innsatsen må gjerast lokalt, nasjonalt og internasjonalt, og byggjast stein for stein. Og kanskje er det heller ikkje nok med berre ein pandemi!

Eg har festa desse tankane på papiret dels for å klårleggja mine eigne tankar om desse spørsmåla, dels fordi eg bryr meg om framtida til barneborna mine. Det synest for meg nokså klart at løysinga ikkje ligg på det teknologiske eller medisinske planet, men på det sosiale og moralske.

Avslutningsvis vil eg òg peika på ei anna, og kanskje ikkje heilt innlysande kjensgjerning. Det er utfordrande å erkjenna at arbeid ikkje er ei vare eller at løn er noko ein får fordi ein er eit menneske, utan å tilkjenna mennesket eit ukrenkjeleg, ibuande verde. Denne erkjenninga kan over tid truleg berre haldast ved lag gjennom å postulera, og handla som om, mennesket òg er eit åndsvesen.

Dag Eirik Eikeland