Meiningar: – Flyktningkrisa aukar og blir stadig verre. Vi kan ikkje lukka auga og gå vidare med livet som om det er ingen problem, skriv Susan Abdallah i Norsk folkehjelp Sunnhordland – Solidaritetsungdom. Arkivfoto: Henrik Mundal Andreassen Foto: Henrik Mundal Andreassen

Verdens dag for flyktningar

Laurdag 20. juni er Verdens dag for flyktningar. Norsk Folkehjelp meiner Norge må ta sin del av det globale ansvaret for å hjelpe menneske på flukt. Dette må skje via FN sine system, ved å føre ein human asyl- og innvandringspolitikk, og ved å bidra saman med andre europeiske land.

Overføringsflyktningar, eller kvoteflyktningar, er personar som ikkje kan returnere til heimlandet sitt, og som ikkje kan få tilbud om ei varig løysing i landet dei oppheld seg i. Dei blir derfor overført til eit tredje land. Saken deira blir behandla og dei blir anerkjent som flyktningar av FNs Høgkommissær for flyktningar (UNHCR) allereie før dei kjem til Norge.

Sidan 1994 har Mottakstenesta i Norsk Folkehjelp til saman assistert ca. 38.000 overføringsflyktningar som kom til Norge, og vi står klar til å bistå fleire. Vi meiner at regjeringa må gradvis auke kvoten til 5000 overføringsflyktningar. I 2019 var det rekordlåge asylsøkjarar til Norge. Same gjeld familiegjenforeninger med personar med fluktbakgrunn.

Stortinget bestemmer kvart år kor mange og kva for grupper overføringsflyktningar Norge skal ta imot. Det er ein debatt om kor stor kvote med overføringsflyktningar Norge skal ta imot neste år. Ifølgje Integreringsbarometeret 2020 meiner to av tre at Norge bør ta imot fleire flyktningar med behov for beskyttelse. Likevel har politikarar bestemt å gå tilbake til eit 2013-nivå som er på ca. 1000 overføringsflyktningar. Dette skjer samtidig som det er rekord mange menneske på flukt. Ved inngangen av 2019 var talet på 70,8 millionar, det høgaste sidan andre verdskrig. Av disse er 41,3 millionar på flukt i sitt eige land (internt fordrevne), mens 29,4 millionar har flykta over landegrense.

Norsk Folkehjelp meiner Norge bør bidra meir

Flyktningkrisa aukar og blir stadig verre. Vi kan ikkje lukka auga og gå vidare med livet som om det er ingen problem. Det handlar om menneske som treng naudhjelp. Vi veit at vi kan ikkje hjelpe alle, men vi kan hjelpe fleire, særleg barn og einslige mindreårige på flukt. I 2017 oppmoda FNs høgkommissær for flyktningar Norge å oppretthalde talet på overføringsflyktningar i påfølgjande års statsbudsjett – og gradvis auke talet til 5000. Dette meiner Norsk Folkehjelp at Norge bør klare å gjere. Norsk Folkehjelp har stadig jobba med inkluderande tiltak og aktivitetar over hele landet, og har mange frivillige medlemmer som står klare til å bidra for at vi skal ha eit meir inkluderande samfunn med plass til alle.

Vi blir ikkje fattige av å hjelpe andre!

Susan Abdallah

Norsk folkehjelp Sunnhordland – Solidaritetsungdom