AVSTANDAR TIL VANNVERKET: Bileta viser områda som dei tre nemde badeplassane Ådlandsvatnet, Vannverket og Sponavikjo dekkjer i Leirviksområdet. På høgre bilete er Vannverket tatt vekk Foto: OpenStreetMap

Verdien av Vannverket

Det er oppløftande å lese i onsdagsavisa (12.01) at ein leitar etter midlar for å finansiere opprusting av det mykje omtala Vannverket. Det var likevel ei setning om avstandane til alternativa Ådlandsvatnet (kring 1 km)", og "Sponavikjo badestrand (ca. 2,1 km)”, som det var vanskeleg å ikkje henge seg opp i. For kva er eigentleg definisjonen på kort veg å gå? Og kva vil ein miste om Vannverket forsvinn?

1 km er kanskje ein kort avstand, men heilt i grensa til å kunne kallast nærområde for born og unge. Når ein planlegg busstopp nyttar ein gjerne 300m gangavstand som akseptabel i by, og 500m i meir grisgrendte strøk. At det finnast alternative badeplassar til vannverket er dessutan ikkje eit argument for at me klarar oss utan det. Om ein har tre gode kafear som alle vert brukt, betyr ikkje det at kafetilbodet er like godt om den eine forsvinn. Vegen til Ådlandsvatnet vil dessutan for mange stort sett gå langs trafikkert bilveg.

Les også
– Me veit ikkje korleis det vil sjå ut rundt dammen etter nedtapping, med bratte skrentar og blaute massar

Det er fleire grunnar til at Vannverket er viktig og verdifull. Verdien av det kulturhistoriske er ein ting, og bevaring av artsmangfald ein annan. For folkehelsa har Vannverket ein verdi som er spesielt vanskeleg å prissetje. Grusvegen opp frå Orrebrotet er inngangsporten til rekreasjonsområde og vakker natur i Landåsen, og heilt til Stordafjellet om ein ynskjer. For born og unge er det vasspegelen som er i hovudsetet. Bading og symjing som aktivitet er noko me tenkjer alle har moglegheit til å gjere, men sanninga er noko anna. Med lang veg til badeplassar og stive prisar i offentlege basseng, kan bading fort bli atterhaldt ressurssterke familiar. Og med auka avstand til næraste badeplass vil terskelen for både familiar, born og ungdom potensielt bli for høg til at dei oppsøkjer vatn. Det er ikkje uvanleg at unge sitt møte med bading og basseng, er den tida dei får gjennom skulen. Dette til tross for at svømming både innandørs og utandørs har fått auka fokus i den nye læreplanen (LK20) som utdanningsdirektoratet har rulla ut.

På grunn av brådjupna ved demninga er nok Vannverket ein stad der få ungar lærer å symje. Det er ikkje ein stad familiar reiser for å tilbringe dagen sin, men det er heller ikkje der verdien av vatnet ligg. Verdien til Vannverket ligg i morgonbadet, badet rett etter skulen, ettermiddagsbadet, eller kveldsbadet ein tar ein varm sumardag. Verdien er den korte turen for born og unge, til fots eller på sykkel, når ein endeleg er stor nok til å få lov til å dra der utan tilsyn av foreldre. Verdien ligg i den ufarlege turen bort til Vannverket, der folk køyrer forsiktig, og ungar ikkje må krysse store vegar. Desse badeturane er like viktige for vidareutviklinga av symjekompetanse til dei unge, som det var å lære seg å symje i utgangspunktet. Lat oss heller ikkje gløyme vinteraktivitetane Vannverket kan tilby. Om det er få som har tatt sine første symjetak i Vannverket, er det nok mange fleire som har tatt sine første skøytespark der, og vatnet har vore ein arena for mange isaktivitetar oppgjennom åra.

Les også
– Uheldig at kommunen ikkje har bestemt seg for kva som skal skje med dammen

Byen Stord bør leggje til rette for kort gang og sykkelavstand for innbyggjarane sine. Korte avstandar fremjar fysisk aktivet og tilgjengeleggjer for dei utan tilgang på bil. At Stord har ein badestad så nært by og busetnad er ganske unikt. Ved å laste ned gratis kartdata (OpenStreetMap) har me gjort ei enkel og uformell analyse av avstandar. Bileta viser områda som dei tre nemde badeplassane Ådlandsvatnet, Vannverket og Sponavikjo dekkjar i Leirviksområdet. På høgre bilete er Vannverket tatt vekk. Avstanden er målt frå alle bygningar i luftlinje (avstand langs veg/sti vil vere lengre). Grøn farge tydar 0 til 500m til næraste badeplass, gult tydar mellom 500 og 1000m, og raudt tydar meir enn 1000m. Det er mogleg å bade andre stadar, som i Tveitavatnet og i Aslagsvikjo, men situasjonen er uansett tydeleg: Vannverket er eit nærmiljøanlegg for store delar av busetnaden på Leirvik! Kommuna bør ha verkty (GIS) for å rekne ut nøyaktige gangavstandar og kor mange husstandar dette gjeld viss det er viktig.

Vannverket er eit naturskjønt paradis midt mellom tette byggjefelt. Ein sentrumsnær oase for turgåing, skeising og bading. Som utflyttar vurderer ein alltid om det er attraktivt å kome heim att, og ein er interessert i å sjå korleis Stord utviklar seg. Alle bør vere einige i at ei nedlegging av Vannverket ikkje er ei utvikling i positiv forstand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Helsing utflyttarar med gode minner frå Vannverket

Bjørn Johannessen Field

Steinar Hillersøy Dyvik