– Vi må gradvis vri økonomien vår – det skal løne seg å velje grønt. Det gjev også arbeidsplassar langs kysten, skriv Liv Kari Eskeland. Arkivfoto: Henrik Mundal Andreassen

Vestlandet er verdas fremste region innan «Grøn skipsfart»

Bladet Sunnhordland hadde for ei tid tilbake eit oppslag om grøn skipsfart som gav eit vrengjebilete av vår satsing på området. Det gjev meg difor eit godt høve til å løfte fram den satsinga som no vert gjort på området av regjeringa.

Overskrifta på dette innlegget lyg ikkje. Ein finn faktisk ikkje tilsvarande regionar nokon stad i verda med den kompetanse og innovasjonsevne som ein finn her. I høve kunngjeringa av EU-prosjektet som skal nytte ammoniakk som energiberar på «Viking Energy», kunne representantar for EU Horizon 2020 konstatere nett dette. Det var også årsaka til at prosjektet – som er det første av sitt slag, vart gjeve 120 millionar frå EU for å teste ut og verifisere nullutsleppsteknologien. Eidesvik som reiar og Equinor som kunde, saman med ei rekkje regionale leverandørar og Maritime CleanTech, er dei som skal syte for at dette vert ein suksess. Og dette kan bane veg for den utsleppsfrie gjennombrot for langdistanse og internasjonal skipsfart, noko som i seg sjølv vil vera ein stor milepåle.

Men slike kraftuttrykk frå våre utanlandske gjester kjem ikkje seglande på ei fjøl. Dette er resultat av ei tett samhandling der politikk, næringsliv, akademia, kommunar/fylkeskommunar og klyngjeorganisasjonar har spela saman i lang tid. Ein har vekselvis utfordra kvarandre, sett ambisjonar og mål, og gjennom budsjettvedtak sett verkemiddelapparatet i stand til å løfte opp lovande prosjekt og innovasjonar. Med auka etterspørsel, kjem også volum. Med volum går kostnadane ned, noko som er vesentleg for at resten av verda skal kunne ta i bruk teknologien. Men nokon må gå føre og bruke pengar på teknologiutvikling og pilotering, noko denne regjeringa gjer.

Les også
Spennande hydrogensatsing

Det har ført til at vi i dag er fremst i verda når det gjeld elektriske ferjer. Suksessfaktoren er at det offentlege brukar innkjøpsmuskelen sin for å etterspørje det fremste som finst av miljøteknologi. Dette er eit resultat av politiske vedtak. Neste steg er å introdusere utsleppsfrie hurtigbåtar gjennom fylkeskommunen sine innkjøp. Gjennom regjeringa sin handlingsplan for grøn skipsfart er det sett konkrete mål, noko som fordrar årlege tilskot over statsbudsjettet. Her skal vi følgje opp.

Gjennom det arbeidet som blir gjort, vil Noreg halde sin posisjon som verdas fremste skipsfartsnasjon med eit sterkt konkurransefortrinn innan grøn skipsfart. Vi må gradvis vri økonomien vår – det skal løne seg å velje grønt. Det gjev også arbeidsplassar langs kysten. Til Oma Baatbyggeri, Brødrene Aa, Fjellstrand, Wärtsilä, Eidesvik og andre leverandørbedrifter og reiarlag som har sett potensial i å ta del i den teknologiutviklinga som no skjer.

Vi kunne sjølvsagt gjort meir, vi kunne sjølvsagt gjort ting annleis, men det vi har gjort har ført oss dit vi er i dag – på verdstoppen innan maritim grøn skipsfart.

Liv Kari Eskeland

Stortingsrepresentant

Energi- og miljøkomiteen

Høgre