Vestlandet - motor for grøn omstilling i Noreg

Ifølgje World Economic Forum er Noreg verdsleiande i energiomstilling. Av dei 115 landa som deltek i undersøkinga, får Noreg i år ein flott andreplass (ETI). Det er eit opprykk frå fjorårets fjerde plass. Vi kan difor slå fast at med Høgre i regjering klatrar vi stadig oppover, og ligg no blant eliten for den grøne energiomstillinga. Mykje av arbeidet som skuldast ei slik plassering skjer i Vestland. Det kan vårt næringsliv og innovative vestlendingar ta æra for.

WEF trekkjer spesielt fram Noreg si satsing på elektriske bilar. Det er kanskje ikkje så rart, for på dette området har vi investert mykje, og vert rekna som eit føregangsland. Vi er opptekne av at våre innbyggjarar kan ta grøne val – det skal lønne seg å velje dei bærekraftige løysingane. Det er avgjerande at vi legg godt til rette slik at folk og bedrifter kan omstille seg. Den enorme satsinga på å betre vegane i Vestland vil også bli eit viktig bidrag i denne omstillinga, i tillegg til at det har ein effekt på tryggleik for den enkelte trafikant.

GRØN SATSING: «Vi har jobba fram ein hydrogenstrategi som vil gje moglegheiter for arbeidsplassar innan kraftproduksjon og verftsindustri», skriv Liv Kari Eskeland. Foto: Pressefoto

Det er ikkje berre elektriske bilar som gjer at Noreg er verdsleiande i den grøne omstillinga. Vestland spelar ei viktig rolle. I Bergen bygger ein ut landstraum ved cruisekaiene. I Øygarden Kommune skal CO2-lagringsprosjektet Northern Lights ta imot CO2 og lagre det ved eit i mottaksanlegg på land før det vert frakta ut i formasjonar i Nordsjøen. Regjeringa har også løyva 200 millionar kroner meir til elektrifisering av ferjene i Vestland, og no kjem hurtigbåtane etter. Klimameldinga la grunnlaget for at ein gjennom offentleg innkjøp skal vera offensive, og fossilfrie by bussar bør snart køyre rundt i alle bygater. Anleggsmaskinar skal elektrifiserast, tungtransporten får etter kvart teknologi og infrastruktur for å kjøre på fossilfritt drivstoff.

Høgre får på plass endra rammevilkår for vasskraft, slik at vi kan få enno meir ut a denne verdifulle energiressursen. Vi har jobba fram ein hydrogenstrategi som vil gje moglegheiter for arbeidsplassar innan kraftproduksjon og verftsindustri. Vi har fått på plass eit grønt skipsfartsprogram, der vi speler på lag saman med industriaktørar langs kysten. Ikkje minst løyver vi støtte i milliard klassen til prosjekter som bidreg til grøn omstilling i både Kinn, Stord, Alver, Ullensvang og Bergen, for å nemne noko.

Vi treng det vestlandske næringsliv med på laget om vi skal halde på den palleplasseringa vi no har fått, og opplever at det samspelet som er mellom politikk og næringsliv godt. Samtidig har vi enno mykje ugjort, og utviklar stadig politikken for å møte nye forventningar frå næringslivet.

Høgre skal halde fram arbeidet med å redusere klimagassutsleppa, samstundes som vi sikrar arbeidsplassar og økonomisk berekraft i åra som kjem. Vi er glad for å ha vestlendingen med på laget.

Liv Kari Eskeland, Høgre