MÅL MEN IKKJE MEDISIN: «Atle Tranøy har mange gode perspektiv, og vi deler dei same måla. Men Høgre trur ikkje meir statleg styring er svaret på utfordringane vi står overfor», skriv Liv Kari Eskeland. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Vi deler dei same visjonane

Atle Tranøy er ein reflektert og klok mann, og når han uttalar seg er det verdt å lytte. I allefall er dette hovudregelen. Men når det nærmar seg val, ikler han seg ofte ei rolle som gjer at vi stopper opp og undrast litt. Så også i hans innlegg i Bladet Sunnhordland 27.08.21.

Vi er sjølvsagt glad for at han anerkjenner det arbeidet regjeringa har gjort gjennom desse åtte åra Erna Solberg har vore statsminister. Vi er einige om retning for politikken, og vi er einige om kva som bør vera hovudsatsingane framover.

At vi skal satse på nye næringar basert på kompetansen vi har opparbeidd oss innan olje og gass er udiskutabelt. Til liks med regjeringa løfter Tranøy også fram havvind, karbonfangst og lagring samt hydrogen som satsingsområde. Det er også bra at vi ser det same utfordringsbiletet for landet vårt, og nødvendigheita for tett samhandling med Europa og resten av verda for å nå dei målsettingane vi har sett oss.

Men sjølv om eg oppfattar at Tranøy støttar prioriteringane regjeringa har gjort, ønsker han likevel meir stat og meir statleg innblanding i eit aktivt næringsliv. Og det vert også etterspurt større satsingar på nye grøne næringar.

I vår regjeringsperiode har vi vore gjennom store kriser. Først overtok vi landet etter finanskrisa, deretter kom oljekrisa 2014 med låg oljepris, deretter kom koronapandemien og no står vi i ei klimakrise. Vi har heile vegen nytta momentet krisene har hatt til å ruste næringslivet og med det møte kvardagen etter desse nedturane med motkonjunkturtiltak og tiltak for å ruste næringslivet for vidare utvikling og vekst.

Vi har hatt ein tett dialog med interesseorganisasjonar som har representert alle dei som skal sikre dagens arbeidsplassar og legge til rette for nye. Vårt innovative næringsliv har vore med på å sette mål for korleis vi kan møte klimakrisa med ny teknologi som skaper dei nye grøne arbeidsplassane.

Les også
Industriutvikling for arbeid, verdiskaping og klima

Difor har vi satsa på karbonfangst og lagring med 17 milliardar. Vi satsar på ei industriutvikling innan havvind, der Tampen har mottatt 2.3 milliardar. Begge prosjekt der Aker Solution har skaffa seg kontraktar som blir materialisert i arbeidsplassar her hjå oss. Og vi jobbar no vidare i tett dialog med bransjen på korleis konsesjonstildelingane for havvind skal vera. Vidare vi har ei storstilt satsing på hydrogen, både produksjon og utvikling av teknologi der hydrogen kan nyttast. Det gjeld både innan maritim skipsfart, industri og landtransport. Her ser vi at mange bedrifter ser muligheiter, mellom anna SKL med hydrogenproduksjonen dei no har sett i gong, og Wartsila som no driv storstilt testing av ammoniakk på Sustainable Energy katapulten, noko som også er eit resultat av regjeringa si satsing. Dette skjer fordi rammebetingelsane for å lage gode verdikjeder og arbeidsplasser er på plass. Så kvifor skal då staten inn og overta ei slik utvikling? Der Arbeiderpartiet ønsker eit statleg hydrogenselskap, ønsker Høgre at alle dei initiativ som no dukkar opp hjå våre energiselskap skal få høve til å etablere arbeidsplassar og innovasjon innan området. Fram til no har vi ikkje opplevd at staten er den beste på innovasjon og utvikling – det finnes det derimot i eit næringsliv her på vestlandskysten.

I tillegg har vi ei storstilt satsing på infrastruktur, og bygge breiband, veg og bane som bidreg til å få effektive og gode bu og arbeidsmarknader. På den måten for bedriftene tak i den beste kompetansen. Vi har hatt ei stor satsing på utdanning og kompetanseheving, heilt frå borna er små til fagbrev og vidare og etterutdanning.

Atle Tranøy har mange gode perspektiv, og vi deler dei same måla. Men Høgre trur ikkje meir statleg styring er svaret på utfordringane vi står overfor. Å bygge opp under det næringslivet vi har, med gode rammebetingelsar, støtteordningar og tett dialog for å møte utfordringa er våre tiltak for å skape fleire jobbar, og syte for at våre bedrifter kan feire store runde dagar utan at statlege selskap skal tappe dei for tiltakslyst og kompetanse.

Liv Kari Eskeland, stortingsrepresentant Høgre

Artikkelen held fram under annonsen.