«Krisepakkene har vore basert på ein rørande naiv tillit til aksjonærar, konsernleiing og eigarar», skriv Mohammed Kallel. Arkivfoto: Henrik Mundal Andreassen

Vi er ikkje i same båt

Då koronaviruset byrja å spreie seg utover verda, var det mange som følte at no var alle i same båt. Men pandemien har tvert om vist at Noreg er eit klassesamfunn, og at krisa rammer ulikt. Valet i år handlar difor om å skapa eit vendepunkt i kampen mot forskjells-Noreg, sa vi kjem på rett spor etter pandemien.

For det er verkeleg klasseskilnadane som har prega koronapandemien hittil. Det er klasseskilje i kven som vert smitta. Dei som køyrde de første smitta alpeturistane frå Gardermoen i taxi, dei som bor trongt eller ikkje kan ta med jobben heim. Folkehelseinstituttet plasserer nokon av landets lågast betalte yrke på topp i smittestatistikken. I den andre bølgja var det bartenderane, servitørar, flyvertar, hotellresepsjonistar, frisørar og reinhaldarar som betalte den høgaste kostnaden i form av virus i kroppen. Du visste kanskje ikkje at dei som køyrer taxi, buss og trikk har høgere andel smitte enn for eksempel legar og sjukepleiarar?

Og det er klasseskilje i kven som mistar jobb og inntekt. På tvers av sektorar er det dei som har løs tilknyting til arbeidslivet som ryk først, de er innleidd via bemanningsselskap, har mellombels stilling eller er rett og slett de som blei tilsett sist. Det er ein av grunnane til at unge og innvandrarar har vore overrepresentert blant ledige.

Dei yrkene som er hardast ramma av smitteverntiltak kjenneteiknast ved lav løn, lite utdanning eller få rettigheiter. Det er hotella, reiselivet, restaurantane, barane og kulturlivet. Sjølv om Kurt Nilsen fekk sine millionar og mange kulturarbeidarar scorar høgast på formell utdanning, er det ein sektor med få faste tilsettingar og lappeteppeøkonomi som gjer tryggingsnettet skrøpeleg.

Den doble rekninga kjem når dei som ligg på topp i smitte er de same som blir permittert fordi me skal halde avstand. Eller når familiane på Oslo Øst, som har minst plass og dårlegast mogelegheit til å få heimeskule til å fungere, er de som i størst grad blir pålagt stengde skular.

På første klasse derimot, er sporane etter krisa vanskelegare å finne. Då bladet Kapital gjorde gjennomgang av landets 400 rikaste i 2020, var hovudbilete at de rike holdar stand. Nokon går opp, nokon ned, men de fleste ligg i ro. Og samla sett har de superrike på toppen like stor rikdom og makt som før krisa.

Krisepakkene har vore basert på ein rørande naiv tillit til aksjonærar, konsernleiing og eigarar. Utan krav om utbyttestopp eller husleigekutt har me enda opp med å senda fleire milliardar rett i lomma på skattetriksarar og eiendomsbaroner. Color Line, som til vanleg betaler minimalt med skatt, har enda opp med hundrevis av millionar i støtte. Og toppsjefen fekk utbetalt nesten 2 mill. kr i bonus i 2020. Spesielt i storbyane har store summar gått rett gjennom bedriftene, og vidare som husleige til de som eig lokala. Det gjør at Olav Thons selskap hadde høgare leigeinntekter i 2020 enn året før, og et overskot på 2,3 mrd. kr. Likevel sender han klagebrev til regjeringa og ber om meir hjelp. Eig de ikkje skam?

Mangelen på ein rettferdig krisepolitikk fører til at forskjells-Norge forsterkast i stort tempo. Utan eit politisk vendepunkt vil vi ende opp med at det er de som har minst, som tar kriserekninga på vegne av oss alle.

Difor blir årets val så viktig. Ein meiningsmåling viser at kampen mot sosiale forskjellar er den viktigaste saka for folk før valet. Det lover godt for mogelegheitene til å bli kvitt Erna Solberg og hennar regjering. Problemet er berre at de andre partia gang på gang har fått mogelegheita til å gjere noko med aukande forskjellar, utan at det har skjedd noko. Heldigvis trengjer det ikkje å ende slik denne gangen. Med et rekordval for Rødt kan vendepunktet mange ønsker seg, bli verkelegheit.

Mohamed Kallel, stortingskandidat for Raudt Hordaland

Artikkelen held fram under annonsen.