KIPE: SLT-koordinator John Henrik Staveland Sæter meiner foreldre må våge å vera kipe. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Vi må snakke med ungdommen om alkohol

Vi foreldre er den viktigaste påverknadsfaktoren når det gjeld ungdom og alkoholbruk. Difor må vi våge å vere kjipe.

Sola står høgt på himmelen, og dei unge vil ut — klare for ein ny og betre vår. Etter eit langt og vanskeleg år med avlyste festar, mykje heimeundervisning og lite sosial kontakt lengtar dei etter å vere saman med venner. Som forelder kjenner du nok på gleda over å sjå tenåringen din smile og le, og du unner han eller henne å springe ut for å oppleve verda. Men kanskje kjenner du òg på ei uro: Tenk om det skjer noko alvorleg!

Les også
70-80 ungdommar hadde fest i Hystadmarkjo i natt

Faren for at noko alvorleg skal skje, er diverre der. Mange tenåringar kjem til å prøve alkohol for første gong denne våren, og når ungdom drikk alkohol, aukar risikoen for ulukker, vald og overgrep. Ungdom og alkohol er kort sagt ein farleg cocktail.

For at våren skal bli trygg og god for ungdommen din, bør du snakke med han eller henne om alkohol. I ei undersøking som YouGov gjennomførte på vegner av Av-og- til i 2020, seier éin av ti ungdommar at dei ikkje veit om foreldra har klare reglar for kva som er lov eller ikkje når det gjeld å drikke alkohol, og tre av ti seier at foreldra ikkje har nokon klare reglar. Mange vaksne tenkjer kanskje at det dei seier, ikkje betyr noko, men forsking viser at det er nettopp foreldra ungdommane høyrer mest på når det er snakk om alkohol.

Du kan altså i stor grad bidra til å skape ei trygg ungdomstid for barnet ditt, og difor er det lurt å setje tydelege grenser for kva som er greitt og ikkje greitt når det gjeld alkohol. Ein kjip forelder er ein god forelder.

Her er nokre råd til deg som er tenåringsforelder:

1. Snakk med ungdommen om alkohol. Dersom de har hatt gode samtalar om dei negative konsekvensane av å drikke alkohol, blir det lettare for dei å stå imot drikkepress. Mange ungdommar drikk for å bli sosialt aksepterte og for å vere ein del av fellesskapet, og då kan det vere fint å ha strenge foreldre å skylde på.

2. Set tydelege grenser for kva som er greitt, og kva som ikkje er greitt. Forsking viser at i familiar med klare reglar om alkohol drikk tenåringen mindre og meir forsiktig enn jamaldringane.

3. Ikkje send med barnet ditt alkohol på fest. Det er ein myte at du då har oversikt over kva og kor mykje tenåringen vil drikke i løpet av kvelden. Ungdommen drikk rett nok det dei får av foreldra — men ofte kjem det i tillegg til alkoholen dei får tak ifrå andre ungdommar på festen.

4. Allier dykk med andre foreldre. Snakk om kva slags reglar de vil skal gjelde for ungdommane i klassen eller nærmiljøet.

Artikkelen held fram under annonsen.

5. Ver tilgjengeleg. Ta alltid telefonen når tenåringen din ringjer — sjølv om det er midt på natta.

John Henrik Staveland Sæter, SLT-koordinator i Stord kommune

Randi Hagen Eriksrud, generalsekretær i Av-og-til