Vil ein firefelts motorveg rasera sommarøya Stord?

Det er ei ærlig sak å kjempa for sine standpunkt.

Dette gjeld også dei som kjempar mot ein firefelts motorveg frå Heiane til Jektevik og vidare over Tysnes og Reksteren.

Men dersom argumenta mot er så svake at ulempene må «dimensjonerast opp» for å verka øydeleggjande nok, då bør ein taka ein runde med seg sjølv.

Motstandarane har sett fram ei rekkje med påstandar. Dei har nyansar, men kan likevel samanfattast i fem «grupper» eller påstandar.

• Påstand nr 1: Vegen vil øydeleggja ei gate som er 100 meter brei.

Ein firefelts motorveg er 23 meter brei. Den har firefelt med ei breidde på 3,5 meter og to skuldre på 2,75 meter. Då er det 3,5 meter att til ein brei og trygg midtrabatt. Dette er ein fjerdepart av påstanden

• Påstand nr 2: Vegen vil øydeleggja all natur på sin veg nordover.

Ein veg med 23 meter breidde vil «ta» ein dekar for kvar 43,5 meter. På dei 20 kilometrane me snakkar om over Stord vil vegen dekka eit areal på «svimlande» 460 dekar. Svimlande? Det utgjera eit areal på storleik med Eldøyane.

• Påstand nr 3: Leirvik vil liggja i ei grøft på denne «monstervegen».

Leirvik ligg allereie i ei grøft. Og det er ikkje ein harselerande påstand frå mi side, men ein realitet. Bortsett frå Amfi, så er praktisk tala all detaljhandel borte frå «Vikjo». Og det er ei utvikling som har funne stad utan påverknad frå disse vegplanane. Ein stadig konflikt mellom uteliv, hamnetrafikk og sentrumshusvære gjere det ikkje betre.

Artikkelen held fram under annonsen.

• Påstand nr 4: Vegen vil rasera det vakraste tur- og friluftsområdet på Stord.

Knutsåsen er sikkert vakker, men ikkje så vakker at den ikkje kan erstattast. Stord har 47.000 dekar skog, ei blanding av bar- og lauvskog. I desse skogane er det 113 km med skogsvegar. Det ville undra meg om alle desse er ueigna som turvegar. Kvifor ikkje gå inn i ein dialog med vegvesenet og skogeigarane om tilrettelegging?

• Påstand nr 5: Vegen vil gjera ubotelig skade på planteliv og fauna.

Dette er nok den mest krevjande påstanden å argumentera mot, men det er vel ikkje dokumentert at traseen «siktar» seg inn på alle dei sjeldnaste plantene på desse vakre og mangfaldige øyane?

Hjortekollisjonar er opplagt ein fare allereie i dag, men vegvesenet forskar på mange ulike måtar å redusera denne faren.

Eg køyrer dagleg strekninga Foldrøy - Rubbestadnes. Den nye vegen er ei oppleving. Ikkje berre trafikalt, men området inn til vegen er eit syn. Store slåttebakkar, plantefelt og levande dyr på beite. Og dette var der ikkje før! På ein måte har fire år sletta alle spor!

Det var nok noko murring då planane vert lagde fram, men grunneigarane fekk stort sett gjennom sine ønske om undergangar og vegar. Og grunntraseen vart lagt i ein stor båge utanom nokre sjeldne moseartar.

Mitt råd er at de tek protestane ned på jorda og går inn i eit positivt samarbeid med utbyggarane.

I desse pilotprosjekt-tider er det kanskje ein idé å oppretta eit pilotprosjekt om moderne tilpassing mellom veg og terreng?

If you can`t beat them, join them!

Artikkelen held fram under annonsen.

Jan Willy Folgerø-Holm, Foldrøyhamn