«Hordfast og E39 er eit gigantanlegg som vil ha store negative konsekvensar for natur og miljø», skriv Hallgeir Matre i Naturvernforbundet. Arkivfoto

Vil me ha ein firefelts motorveg over Stord?

Kommunedelplanen for E39 over Stord har no vore til uttale, og Naturvernforbundet er klar i vurderinga si. Hordfast og E39 er eit gigantanlegg som vil ha store negative konsekvensar for natur og miljø og for folkeleg trivnad i kommunen.

Hordfast er planlagt bygd som 4-felts motorveg med ei fartsgrense på 110 km/t. Ein slik veg vil krevja eit enormt landareal. Totalbreidda på traséen vil bli ca. 100 m, med sikringssone i tillegg. På grunn av den høge fartsgrensa må alle kurver vera slake; det gjer at arealbruken aukar mykje. Vegen vil bli svært dominerande i skog- og kulturlandskapet vårt. Delar av dagens E39 vil ikkje bli gjenbrukt, m.a. gjeld dette strekningen mellom Førlandskrysset og Agdestein. Her vil ein ny motorveg gå inn i Grovamarka, og eksisterande E39, som nyleg er opprusta med fortau og god standard, vil bli ein lokalveg for bygdesamfunnet i nord. Stord kommune har eit lite areal med relativt flatt terreng der folk bur, men elles mykje fjell. Naturvernforbundet ser det som alarmerande at arealbruken til E39 blir så stor.

Endå meir dramatisk vert inngrepet når vegen går inn i kulturlandskapet ved Rommetveit og vidare mot Ådlandsvatnet. Her kjem i tillegg eit svært vegkryss rett inn mot eit av dei mest attraktive tur- og friluftsområda me har. Om sommaren er dette kanskje ein av mest brukte rekreasjonsplassane på Stord. Betre vert det ikkje med eit framlegg om å laga fylling der det i dag er bru over Frugardselva. Turvegen rundt Ådlandsvatnet er blitt som runden rundt Sognsvann i Oslo. Der ville det i alle fall blitt ramaskrik om nokon hadde kome med framlegg om å laga motorveg heilt inntil.

Les også
Meiner lang tunnel under Landåsen er rette valet

Ein dels open motorveg gjennom Landåsen er like dramatisk. Dette er ei utruleg viktig «lunge» for byen Stord. Her vil store friluftsinteresser bli ramma, noko som alt har skapt politisk uro. Ein 4-felts motorveg skal ha få kryssingspunkt og vil bli som ein «mur» gjennom skog og kulturlandskap, noko som klart vil redusera friluftskvalitetane og gjera området langt mindre attraktivt for turgåing. Støyproblemet vil òg bli merkbart, ikkje minst der det er busetnad tett på, t.d. ved Sageneset og i Valvatnafeltet.

Naturverdiane i vegtraséen er stor, med mange registrerte raudlisteartar. Naturvernforbundet er sterkt uroa for det biologiske mangfaldet i den planlagde vegtraséen. Planmessig er det gjort lite for å ta vare på dette.

Naturvernforbundet meiner at E39 må nedskalerast til 80 km/t-standard. Då vil ein kunna spara svært mykje areal, redusera støy og energibruk og i stor grad kunna gjenbruka eksisterande E39. Me føreslår at vegen kan ha 2-3 felts standard, der det vil vera strekk til forbikøyring. Denne løysinga er m.a. mykje brukt i Sverige. Det må òg leggjast sykkel- og gangsti, eksempelvis som på Bømlo. Vegen frå Trongaste (brua v/Ådlandsvatnet) kan vidare byggjast i 2-felts direkte tunnel slik det første planframlegget til veg gjennom Landåsen skisserte (5). Ei tilsvarande løysing for 4-felts motorveg er avvist pga. pris.

Naturvernforbundet meiner at Hordfast og E39 er eit svært overdimensjonert prosjekt – som må nedskalerast. Tanken om ei femdobling av biltrafikken på sikt står ikkje i stil med dei miljøutfordringane me står overfor. Det er vanskeleg å tru at dette er eit framtidsretta prosjekt i ei digital verd der moblitet heller bør reduserast. Når reknestykket for bruk av Hordfast tur/retur Stord–Bergen vil bli langt over 1000-lappen, er det grunn til ettertanke. Er me på rett «veg»?

Naturvernforbundet på Stord

Hallgeir Matre