NYE KRAV: Alle kommunar i Norge har fått eit heilt spesielt ansvar for å følgje opp kvar enkelt kreftpasient. Ansvaret blir kalla «pakkeforløp heim for kreftpasientar», og blei innført av regjeringa ved årsskiftet 2021/22. Foto: Kreftforeningen

Vil Stord gå føre med betre kreftomsorg?

Kreftforeiningen får ofte meldingar frå kreftpasientar at dei kjenner seg åleine og overlatne til seg sjølve når dei kjem heim frå sjukehuset etter endt behandling.

Det kan vera mange spørsmål og tankar som melder seg, og nokre kan kjenna på ei uro over vegen vidare.

Kva gjer eg no? Kven kan hjelpe meg? Kva rettar har eg? Kven kan hjelpa i møtet med Nav? Treng eg fysioterapi, og korleis finne dette? Kan eg få gode ernæringsråd eller hjelp til trening nokon stad?

Anita Ustun har hatt brystkreft og er berre ein av mange som har kjent på den store frustrasjonen når sjukehuset har sleppt deg. «Du er takksam etter å ha mottatt kanskje verdas beste kreftbehandling. Samstundes er det ingen som har ansvar for å følgja opp korleis det går med deg når du kjem heim.

For kreftbehandling påverkar heile kroppen – også heile familien. Det er ikkje alltid like lett å komma tilbake til livet slik det var. På grunn av seinskadar og følgjer av kreftbehandlinga kan arbeidsoppgåvene kjennast vanskelegare og kvardagen tyngre».

Slik skal det ikkje vera, men no skal det vi snart få ei løysing. Pakkeforløp heim blei innført av regjeringa ved årsskiftet 2021/22, og skal gjera vegen tilbake til kvardagen litt enklare for kreftpasientar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Oppgåva til Stord og alle andre kommunar, er eigentleg ganske klar: No skal alle kreftpasientar som er busett i kommunen, og ferdig med sjukehusbehandling, bli sett, spurt og følgd opp skikkeleg. Kommunen skal invitera pasienten til ein samtale, kartleggja kva behov pasienten har, følgje opp – og gje svar på korleis kommunen kan bidra til at pasienten kan få den hjelpa og støtta ein treng for å komme mest mogeleg tilbake i sitt eige liv.

Nokre oppgåver kan kommunen løysa, andre tilbod kan frivillige organisasjonar bistå kommunen med. Kreftforeningens Temakafé eller rettshjelp-tenesta på Vardesenteret kan vera eksempel på tilbod som er gratis, både for kommune og pasient. I tillegg finst det ei rekkje andre tilbod som vil gje viktig støtte og hjelp på vegen tilbake etter kreftsjukdom.

Stord kommune gjer mykje bra innan kreftomsorg allereie, blant anna med sin dyktige kreftkoordinator. No håpar vi at Stord kommune òg vil følgje opp pakkeforløp heim, slik at kreftpasientar får tilbod om den kartlegginga som det blir lagt opp til i det nye pakkeforløpet, og vidare at ein får dei tilboda dei treng frå kommunen. Her har både politikarar og helse- og omsorgsleiar i kommunen eit stort ansvar.

Pakkeforløp heim for kreftpasientar vil gje ein betre kommune å bu i for dei som blir kreftsjuke og deira pårørande, det vil gje ei betre kreftomsorg, ein friskare og meir nøgd befolkning som klarar seg betre – og truleg har behov for mindre behandling og oppfølging på sikt.

Geir Vangsnes, distriktsleiar, Kreftforeningen Vestland