KRITISK: – Det er eit svik frå regjeringa å ikkje umiddelbart utvida permitteringstida til 52 veker, skriv Sondre Østensen-Landvik i lesarbrevet. FOTO: PRIVAT

Ynskjer utvida permitteringsperiode

Noreg står midt i ei av dei største økonomiske krisene i historia. Mange er permitterte og folk fryktar for framtida si.

I dag kan ei bedrift permittere tilsette i 26 veker. Rødt har komme med følgjande forslag på Stortinget: «Stortinget ber regjeringa utvide permitteringsperioden til 52 veker.»

Grunnen er enkel. For dei arbeidstakarane som blei permitterte rett etter at Noreg stengde ned, er dei 26 vekene omme før Stortinget er tilbake frå sommarferien. Viss arbeidsgjevar ikkje har økonomi til å ta den tilsette tilbake innan dei 26 vekene, er alternativet oppseiing. Dette vil bety eit skred av oppseiingar i sommar, og brått vil enda fleire stå utan arbeid.

Rødt sitt forslag blei stemt ned den 19. juni. Frp var blant partia som stemde mot forslaget, og med det gav regjeringa fleirtal for å ikkje ta ansvar for permitterte arbeidarar. I dagane som følgde uttala Frp at dei kanskje var for forslaget likevel. Bjørnar Moxnes bad då presidentskapen på Stortinget om å kalla Stortinget tilbake frå ferie, for å stemma over forslaget på nytt. Men den gong ei: Frp ville ikkje komme tilbake til Stortinget éin dag for å stemme for forslaget.

I media lèt Frp i kjent stil som om dei vil hjelpa folk, men når det først gjeld på Stortinget, så stemmer dei mot arbeidsfolk. Frp vil altså ikkje vera med på å bidra så dei permitterte får tryggleik gjennom sommaren.

Ved permisjon kjem arbeidstakarane tilbake til dei same lønns- og arbeidsvilkåra dei hadde før permitteringa. Men viss du først blir sagt opp og må søke jobb på nytt, vil nytilsetjinga kunna vera på andre arbeids- og lønnsvilkår enn du hadde opphavleg. Når mange er utan jobb vert presset nedover på arbeids- og lønnsvilkår sterkt. Særleg folk i lågtlønt yrke vil merka presset. Skilnaden for arbeidstakarane mellom å komme tilbake frå permittering og å måtta søke jobb på ny er enorm. Alt blir kanskje ikkje bra igjen.

Det er eit svik frå regjeringa å ikkje umiddelbart utvida permitteringstida til 52 veker. Frp kunne ha forhindra regjeringa si politikk, men gjer det ikkje. Det er ikkje noko nytt — Frp tek jamleg til orde for å svekke arbeidstakarane sine rettar.

Høgre og Frp endra arbeidsmiljølova i 2015. Då fjerna dei hovudregelen om forbod mot midlertidige tilsetjingar i den ordinære verksemda til ei bedrift. Dette opna for utstrekt bruk av midlertidige tilsetjingar, og ei sterk vekst i bemanningsbransjen. Langt fleire arbeidstakarar står med lua i handa og håpar på meir jobb utan klare rettar.

Meir nyleg, i mars 2020, støtta ikkje Frp forslaget om å sikre norske lønns- og arbeidsvilkår til sjøs.

Frp si vingling i arbeidslivsspørsmål er ikkje noko nytt. Dei sviktar dei som sit nedst ved bordet kvar gong.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alt i 2015 tok Rødt initiativ til ein kampanje mot midlertidige tilsetjingar rundt om i landet. Me har jobba for norske lønns- og arbeidsvilkår på sjø og land og for utviding av permitteringstida under koronakrisa.

19. juni 2020 fremja Rødt òg eit forslag om at: «Stortinget ber regjeringa sikre at alle arbeidsledige som ikkje har fått innvilga lønnskompensasjon eller dagpengar i løpet av første halvdel av juni, får et umiddelbart forskot på 20 000 kroner. Dette forskuddet skal ikkje føre til trekk i andre ytingar frå Nav enn lønnskompensasjonen og dagpengar, eller krevjast betalt tilbake.» Nok ein gong stemte FrP og regjeringa mot at dei som ikkje har fått ytingane dei har krav på, skulle sikrast eit forskot. Er det ikkje for slike situasjonar me betalar skatt heile livet?

Me i Rødt står på arbeidsfolk si side i praktisk politikk. Det er umogeleg å forstå korleis ein kan stemme mot desse forslaga. Eg vonar alle arbeidsfolk hugsar kven som har løfta sakene deira gjennom heile stortingsperioden når valet kjem i 2021.

Sondre Østensen-Landvik (24)

Sentralstyremedlem i Raud Ungdom