KRITISK: Kommunestyret bør avvisa Svanberg sitt forsøk på utnytta ei vanskeleg sak til partipolitisk vinning, skriv Magne Misje. Arkivfoto: Henrik Mundal Andreassen

Ytringsfridom og Sian

Reinert Svanberg frå Stord Frp har meldt ein interpellasjon til kommunestyret. Han vil at kommunestyret skal uttala noko som han veit alle dei folkevalde meiner, nemleg at ytringsfridom skal gjelda og at fysiske angrep på meiningsmotstandarar ikkje skal tolast. Skjer slikt, skal hendinga etterforskast og gjerningspersonane dømast og straffast. Svanberg slår såleis inn opne dører. Dei aller, aller fleste meiner det er feil å slå dei ein er ueinig med.

Les også
Vil fordømma angrep på Sian

Ikkje nokon stad i interpellasjonen drøftar eller kritiserer Svanberg Sian sine politiske haldningar og provokasjonar. Men han kvir seg ikkje for å kalla dei som protesterer for ein mobb. Sian vil kasta muslimane ut. Sian kallar muslimar morderzombiar og seksualpredatorar. Ein Sian-sympatisør ropte følgjande under demonstrasjonen i Bergen; «Skyt dem da, for faen, så lærer dem. Skyt dem. Skyt dem med gummikuler. Dra tilbake til møkkalandet dere kommer fra.» Leiaren for Sian er, som ein av dei svært få her i landet, dømt for for hatefulle ytringar.

Morten Myksvoll, kommentator i BT og tidlegare partikollega av Svanberg, skriv at politikarar på høgresida må ta eit oppgjer med Sian og setja seg skikkeleg inn i kor krevjande det faktisk er å halda seg i skinnet når skinnet deira vert målskive. Den moralske peikefingeren til Svanberg, Siv Jensen og Sylvi Listhaug vert ståande som ein ekstremt priviligert reaksjon frå ein kvit majoritet som ikkje forstår vond, skummel og eksistensiell rasismen er. Rasismen er ikkje farleg for slike som Svanberg og underteikna. Den råkar nokon andre. «Kvifor kjem politikarar frå høgresida berre springande inn frå sidelinja kvar gong antirasistar går over streken», spør Myksvoll vidare.

Men nokre frå høgresida engasjerer seg. Tidlegare i år var det ei markering mot rasisme på Stord etter hendingane i USA. Det var plakatar, tog og appellar frå ungdomsparti og organisasjonar frå Raud Ungdom til Unge Høgre. Eg var der, men kunne korkje sjå Svanberg eller andre Frp-arar.

Les også
Over 160 demonstrerte i Leirvik sentrum

Erna Solberg seier at ho tek avstand frå alt Sian står for. Kan me få høyra noko liknande frå Svanberg? Eg siterer Myksvoll igjen: «Høgresida må melda seg på og delta i kampen mot rasisme og ikkje berre observera at kampen pågår.»

Svanberg og Frp fiskar i opprørt vatn. Kommunestyret bør avvisa Svanberg sitt forsøk på utnytta ei vanskeleg sak til partipolitisk vinning. Kommunestyret må gjerne drøfta ytringsfridom, men då på eit breiare grunnlag enn Svanberg sin interpellasjon.

Magne Misje