nav: Astrid Østerlid og Anlaug Rygg Svensen i Nav region Sunnhordland set opp innsatsgruppe beståande av 11 Nav-rettleiarar. Foto: Nav Sunnhordland

2.500 har søkt om dagpengar – Nav etablerer innsatsgruppe lokalt

Nav Sunnhordland tek grep overfor permitterte.

Dei siste fire vekene er det 2.526 personar om har søkt om dagpengar under permittering i region Sunnhordland. Det utgjer 8,3 prosent av arbeidsstyrken.

– Det er over 3.743 registrerte arbeidssøkjarar i Nav region Sunnhordland. Hovudmengda av dei er permitterte. Nav har no etablert ei innsatsgruppe i regionen som skal ivareta og følgja opp dei som er blitt permitterte, seier Astrid Østerlid, leiar i Nav region Sunnhordland, i ei pressemelding.

Det er registrert flest søknadar om dagpengar under permittering på Stord (941) og på Bømlo (561). Innsatsgruppa består av 11 Nav-rettleiarar som skal ha kontakt med permitterte i Etne, Sveio, Bømlo, Stord, Fitjar, Tysnes og Kvinnherad. Leiar for innsatsgruppa er Anlaug Rygg Svensen.

– Gruppa skal gi støtte og rettleiing til dei som er permitterte som følgje av koronaviruset. Det å bli permittert er for mange krevjande og kan vera ei stor omstilling. Me vonar at flest mogleg snart er attende i arbeid hos eigen arbeidsgjevar. Samstundes er me også førebudd på at fleire står i fare for å mista jobben sin, seier Anlaug Rygg Svensen i pressemeldinga.

Les også
Rapport: Stord og Bømlo svært sårbare for oppseiingar

Tal frå Nav viser at 34 prosent av dei som står registrert som arbeidssøkjar hos Nav region Sunnhordland har registrert CV og jobbprofil.

– Ei viktig oppgåve for innsatsgruppa er at fleire av dei permitterte får registrert kompetansen sin. På den måten vil me kunne få betre oversikt over gruppa og auka kvaliteten på oppfølginga. I tillegg vil det føra til at dei som kan og vil er tilgjengeleg for bedrifter som har behov for arbeidskraft. Me vil difor ha eit ekstra fokus på at CV og jobbprofil er registrert, slik at dei vert synleg på arbeidsplassen.no som er Nav sin møtestad for jobbsøkjarar og arbeidsgjevarar, seier Anlaug Rygg Svensen.