Flyr høgt: I fjor auka trafikken mellom Stord og Oslo, og frå slutten av mars blir det 15 rundturar i veka mellom Stord og Gardermoen. Foto: DAT

Aukar frekvensen på Stordflyet

Trafikkauke fører til fleire avgangar mellom Stord og Oslo.

Frå og med fyrstkomande måndag er 10-flyet frå Stord til Oslo tilbake i ruteprogrammet til Stordflyet. Returen går frå Oslo til Stord klokka 15.00.

– I tillegg til dette er me glade for å melda om at grunna godt belegg set Stordflyet no inn ein ekstra rundtur på torsdagane. Avgang frå Stord er klokka 13.30 med retur frå Oslo klokka 15.00. Oppstart frå og med 26.mars, melder Stord lufthamn i ei pressemelding.

Les også
– Endeleg kan me koma i gang

Stordflyet tilbyr no 15 rundturar per veke mellom Stord og Oslo.

I 2019 reiste 38.863 personar til Oslo med Stordflyet. Samanlikna med 2018 utgjer dette ein auke på nærare fem prosent. Regulariteten var på fantastiske 99,2.

I sommar skal også Stordflyet fly frå Stord til Bornholm, via Billund.

Les også
Inviterer til tidenes luftshow