Nøgd: Dag Sandstå, banksjef i Tysnes Sparebank, er nøgd med resultatet for 2019. Akrivfoto: Per Egil Larsen

Betrar resultatet med fem millionar

Tysnes Sparebank har eit resultat før skatt på 36,2 millionar kroner for året 2019.

Dette er ei resultatbetring på om lag fem millionar kroner i høve til 2018.

– Banken er nøgd med den gode utviklinga banken har. Årleg auke i talet på kundar, kombinert med effektiv drift er suksessoppskrifta for banken, seier banksjef Dag Sandstå i ei pressemelding.

Tysnes Sparebank med hovudkontor i Våge på Tysnes har dei siste åra auka marknadsdelen lokalt. Innan personkundemarknaden har banken om lag ti prosent marknadsandel, noko som er ei dobling frå 2015 til utgangen av 2019.

I 2019 har banken hatt ein utlånsvekst på om lag ti prosent, medan innskot har auka med 4 prosent. Når det kjem til balanse mellom innskot og utlån, er ved slutten av året 73 prosent av utlåna finansiert av innskot frå kundar. Målet er 80 prosent.

Les også
Stor vekst for lokalbanken

Banken har auka tapsavsetningane i 2019 samanlikna med 2018. Det er ein kombinasjon av tapsavsetjing på enkeltengasjement og gruppevise avsetjingar. Avsetningane er ikkje faktiske tap, men avsetjingar i rekneskapen for å ta høgde for potensielle tap fram i tid.

I slutten av mars skal forstandarskapet i banken godkjenna årsrekneskapen og avgjera størrelsen på direkte utbytte til eigenkapitalbeviseigarane.

Styret i banken innstiller til forstandarskapet at det skal delast ut ti kroner i utbytte per eigenkapitalbevis. Det er ei avkastning på om lag ti prosent per bevis, står det i pressemeldinga.