Skipsdesign: Amundsen Expeditions sitt Wärtsilä-designa luksusekspedisjonsfartøy skal operera i utfordrande polare- og tropiske farvatn. Foto: Wärtsilä

Designar luksuriøst cruiseskip

Alle cruiseskipa vil få utvendige gjestelugarar, suitar, vinterhagar.

Wärtsilä sitt eige skipsdesignmiljø har fått i oppdrag å utvikla eit design for opptil seks nye luksuriøse cruiseskip der kvart av fartøya har ein kapasitet på 200 passasjerar.

Skipa vil bli eigd og drifta av selskapet Amundsen Expeditions og fartøya rettar seg primært inn mot den veksande kinesiske marknaden. Designoppdraget med Wärtsilä har gått føre seg eit halvt års tid og skipet byrjar no å ta form på teiknebrettet, skriv selskapet i ei pressemelding.

Les også
Usikker marknad har ført til varsel om permitteringar i Wärtsilä

Skipa er designa for å operera effektivt i både tropiske- og polare farvatn. Skipa blir utrusta med ei komplett Wärtsilä-løysing, inkludert Wärtsilä 32-motorar, katalysatorar for Nox-reduksjon, elektrisk framdrift, Wärtsilä Nacos Platinum-brusystem for navigering og kommunikasjon, samt Wärtsilä sin automatiseringsløysing.

– Me har stor respekt for Wärtsilä sin lange erfaring og breie portefølje av løysingar med høg kvalitet. Dette er viktig for oss då desse cruiseskipa er særs samansette og krev avansert designkompetanse. Alle cruiseskipa vil få utvendige gjestelugarar, suitar, vinterhagar og det nyaste utstyret for å sikra miljøet. Me sett pris på Wärtsilä si støtte i dette prosjektet, seier kaptein Rajko Zupan, frå Amundsen Expeditions i pressemeldinga.

Les også
Wärtsilä med ny kontrakt: Skal designa verdas største og mest effektive kriltrålar