Avslag: Engesund Fiskeoppdrett AS får ikkje løyve til å produsera meir fisk enn dei gjer i dag på Dyrholmen Vest. Her frå visningssenteret. Arkivfoto: Ingvild Siglen Berger

Engesund får ikkje utvida produksjonen

Engesund Fiskeoppdrett AS har fått avslag på søknaden om å utvida arealet og auka biomassen på lokalitet Dyrholmen Vest i Fitjar.

– Me stiller oss undrande til avslaget, seier Svein Eivind Gilje, dagleg leiar i Engesund Fiskeoppdrett AS.

Vil dobla produksjonen

Tilbake i 2018 søkte oppdrettsbedrifta om å utvida anlegget på Fitjar. Då fekk dei avslag, som dei seinare klaga på. No har Vestland Fylkeskommune gjeve endeleg avslag i saka.

– Alle får avslag no i dette området, meiner Gilje, som ikkje har fleire kommentarar til saka.

Les også
No får dei dyrka tare

Selskapet har i dag løyve til produksjon av 780 tonn matfisk av laks og aure på lokaliteten. I søknaden vil dei utvida til 1560 tonn, altså ei dobling.

Anlegget består i dag av eit stålanlegg med seks bur på 24 x 24 meter. Engesund søkte også om å utvida dette til eit anlegg med seks bur på 35,5 x 35,5 meter, og flytta det mot sør.

– Området vil ikkje tola det

For at fylkeskommunen skal gje løyve etter Akvakulturlova er det ein føresetnad at det er gjeve løyve etter matlova, dyrevelferdslova, forureiningslova og hamne- og farvannslova.

Mattilsynet har avslått søknaden om å auka biomassen på lokaliteten både i 2018, og i 2019.

– Etter ei vurdering av området som lokaliteten ligg i, konkluderer Mattilsynet med at dette området ikkje vil tole ei auke i biomasse, står det mellom anna i vedtaket frå Mattilsynet.

Les også
Fekk selebert selskap på anlegget

Dei skriv vidare at å auka biomassen i området vil føra til fleire tilgjengelege vertar for lakselusa, samt auka smittepress i eit allereie belasta område.

– Dette vil vera uheldig både for oppdrettsanlegga og villfisken. For oppdrettsanlegga vil høgt smittepress resultera i dårleg fiskevelferd. For villfisken vil høgt smittepress av lakselus auka risikoen for dødelegheit, konkluderer Mattilsynet.