Det økonomiske resultatet for Fitjar kommune i 2019 vart bra, med eit mindreforbruk på meir enn 6 millionar kroner. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Fitjar: Godt økonomisk resultat for 2019

Rådmann Olaug Haugen rapporterer om eit godt økonomisk resultat for Fitjar kommune, med eit mindreforbruk på 6,1 mill. kr i fjor.

Det går fram av ei pressemelding fredag.

– Me har nytta våre økonomiske ressursar i tråd med budsjettet, til kommunen sine store velferdsoppgåver og til lokal samfunnsutvikling, skriv rådmannen i pressemeldinga.

Ei av årsakene til det gode økonomiske resultatet er at dei aller fleste av kommunen sine tenesteområde har levert tenestene innanfor sine budsjettrammer, noko som gjev eit samla økonomisk mindreforbruk.

– Dette krev god dagleg styring av kommunen sine ressursar frå alle leiarar og medarbeidarar, og det krev god og jamleg kontroll og rapportering av den økonomiske situasjonen frå økonomiavdelinga. Rådmannen vil takka alle leiarar og medarbeidarar for dette, står det i pressemeldinga.

Les også
Stiller spørsmål om gatelys, miljøgata og bilar i Fitjar

Kommunen har fått styrkja inntektene med auka nasjonal skatteinngang som har tilført Fitjar 2,8 millionar, utbetaling frå Havbruksfondet på 0,9 mill., som er 0,65 mill. over budsjett, og i tillegg har Fitjar fått reduserte pensjonskostnadar i Statens pensjonskasse med knapt 1 mill.

– Rådmannen er særs nøgd med eit positivt økonomisk resultat i ei tid der rammevilkåra er strammare, og omstilling i organisasjonen pågår, heiter det.

Les også
Har søkt om deltaking i forsøksordning