Tilsett: Simen Løland Aarskog er ny konserndirektør for personmarknad i Sparebanken Vest Region Sør. Foto: Øyvind Hjelmen

Fitjarbu skal leia 15 av 33 kontor i banken

Simen Løland Aarskog frå Fitjar er tilsett som ny konserndirektør for personmarknad i Sparebanken Vest Region Sør.

– Eg er takknemleg, og ikkje minst inspirert, over å bli vist denne tilliten. Vår viktigaste oppgåve er å sikra stødige leveransar for kundane våre i den heilt spesielle tida vi står i no, seier Simen Løland Aarskog i ei pressemelding.

Det er etter ein omfattande rekrutteringsprosess at Sparebanken Vest no har fått to nye konserndirektørar for Divisjon Personmarknad: Simen Løland Aarskog, og Tore Dvergsdal, som har får tilsvarande stilling i Region Nord.

Aarskog har sju år bak seg i Sparebanken Vest og kjem frå stillinga som regionsdirektør for Divisjon Bedriftsmarknad i Sunnhordland og Haugalandet.

Les også
Enorm pågang hos bankane: – Dette saknar sidestykke

No skal han leia 15 av i alt 33 kontor i banken, som strekkjer seg frå Bergen sentrum i nord til Nærbø i Rogaland i sør. Desse 15 kontora hadde ei samla utlånsportefølje på totalt 59,6 milliardar kroner til privatmarknaden i 2019, står det i pressemeldinga.

– Det har vore heilt avgjerande å finna dei rette leiarane for å sikra endå sterkare vind i segla for personmarknaden. Denne divisjonen bidrar med heile 60 prosent av inntektene våre og difor har eg vore opptatt av ein rekrutteringsprosess som søkte mot sterke finansprofilar på Vestlandet, seier konsernsjef Jan Erik Kjerpeseth.

Les også
Rekordresultat for Sparebanken Vest