AUKE: Redaktør Magne Kydland kan gle seg over auke både digitalt, på papir og opplag. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Fleire les Sunnhordland

Auke både digitalt, på papir og opplag.

Tysdag offentleggjorde Mediebedriftene og Landslaget for lokalaviser (LLA) lesartal og opplagstal for sine medlemsbedrifter, og tala for Sunnhordland viser oppgang på alle kanalar.

Sunnhordland har no totalt 18.800 daglege lesarar, og ein auke i lesartal både digitalt og på papir. I tillegg aukar opplaget med 88, frå 6.379 til 6.457.

– At me har fleire lesarar digitalt er jo ikkje noko overrasking, for her kan me sjølv måla trafikken, og den aukar månad for månad. Men at så mange fleire les oss på papir er både overraskande og ikkje minst svært gledeleg. Ved førre måling hadde me 13.200 daglege lesarar av papiravisa, no har me 14.100. Me har alltid hatt tru på papiravisa som eit godt og viktig produkt, i mange år framover, og dette viser at folk framleis vil ha papiravis, seier ansvarleg redaktør Magne Kydland.

Offisielle lesartal for norske aviser, magasin og vekeblad er eit samarbeid med TNS Gallup, og blir presentert to gonger i året. Opplaget blir éin gong kvart år berekna og godkjend av Mediebedriftene og Norsk opplagskontroll. Sunnhordland har no hatt auke i opplaget fleire år på rad.

– Sunnhordland står sterkt i lokalsamfunnet. Forutan lesar- og opplagstal er også aktiviteten høg på trykkjeriet på Heiane, der ein har investert store summar, og fått fleire trykkjerikundar dei siste åra. I dag trykkjer Sunnhordland 17 aviser, alt frå små lokalaviser til Haugesunds Avis og Klassekampen.

Den siste veka har lesartala digitalt vore enorme, grunna koronakrisa.

– Det har vore ei spesiell veke for oss alle, og me har opplevd nokre gigantiske lesartal digitalt. Me opplever at mediebransjen har ei viktig samfunnsrolle når slike kriser inntreff, og me har difor også opna opp fleire saker enn vanleg, for å hjelpa til med å nå ut med viktig informasjon til innbyggjarane, seier Kydland, som også merkar at mange kjem med kritikk for at mange saker berre er for abonnentar.

Kydland ber om forståing for at ikkje avisene kan gje ut alt gratis.

– Det kostar pengar å kjøpa brød i butikken, og journalistikk kostar pengar. Også media er utsett og merkar reduserte inntekter som følgje av koronakrisa, og eg vonar folk har forståing for at me ikkje kan gje ut artiklane våre gratis. Me har ikkje berre eit ansvar for å informera folk, me har også eit ansvar for å syta for at arbeidsplassane våre framleis er berekraftige, og at me tener pengar på journalistikken. Det fører til at mange artiklar framleis vil vera berre for abonnentar, slik det var i «gamle dagar», då me berre hadde papiravis. Dersom me ikkje får betalt for jobben me gjer, vil det ikkje bli produsert mykje journalistikk i framtida, seier Kydland.

Han poengterer at informasjon er særs viktig i krisetider, og at lokalavisene har eit stort ansvar, og er ein viktig kanal for lesarar og annosnørar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Lokalavisa blir bindeleddet mellom styresmaktene og innbyggjarane, og den oppgåva tek me på alvor, seier Kydland.